Storkontrakt i sikte for Griff Aviaton
I LUFTA: Griff Aviaton sin første kommersielle drone er i lufta. Til venstre næringsminister Torbjørn Røe Isaksen, til høgre dagleg leiar og medeigar Leif Johan Holand.
Nytt

Storkontrakt i sikte for Griff Aviaton

I eit halvt år har Leif Johan Holand leita etter investorar for å halde  droneprodusenten Griff Aviation i lufta. No er han like ved å greie seg utan. 

10.04.2018
Griff Aviation har vore på jakt etter investorar som vil gå inn med 20-30 millionar kroner. Poenget er å skaffe midlar for å klare overgangen frå oppstartselskap med utviklingskostnadar, og fram til selskapet har kontraktar som gir pengar i kassa.
Investorar som ville gå inn med pengar skulle få ein eigarandel på 20-30 prosent.
Holand oppsummerer korleis det har gått i eitt ord:
- Dårleg.

Stor avtale i Japan

Men om ein månads tid veit Holand om Griff Aviation har avtaler i boks som gjer at han kan avblåse heile pengejakta. Det skal i så fall markerast.
- Då kan vi ta ei langhelg, seier Holand.
Det er ein kontrakt med det japanske energiselskapet Tepco som kan løfte Griff Aviaton over kneika og sikre inntektene som må til.
Tepco skal erstatte helikopter med dronar for frakt av utstyr ved montering og vedlikehald av kraftliner.
Griff Aviaton har signert kontrakt med selskapet Drone Future Aviaton i Japan om utvikling av ein ny dronemodell for kraftlinearbeid. Avtalen er også godkjent av Tepco, som skal bruke dronane og berre formalitar står att før også Tepco signerer.

Fire deler

Holand vil ikkje seie kor store beløp det er snakk om i avtalen med Tepco, men seier avtalen er stor nok til at det ikkje er naudsynt med ei kapitalutviding og vil gi nok inntekter til å halde Griff Aviaton i drift.
Avtalen med Tepco består av fire delar. Første del er på plass. Det er først når også del to er på plass at Griff Aviaton er sikra å kunne avblåse friarferda til moglege investorar. Den avklaringa kjem om ein månads tid, i følgje Holand.

Auka kapasiteten

Inne i produksjonshallen i Sykkylven står versjon ein og to av selskapet sine dronar.
Ute demonstrerte Holand tidlegare i ettermiddag versjon tre for næringsminister Torbjørn Røe Isaksen, som er på besøksturne blant bedrifter på Nordvestlandet i dag.
Versjon tre er den første drona som er klar for den kommersielle marknaden. Den kan frakte 75 kilo nyttelast.
Dronane som skal utviklast for japanske Tepco skal kunne ta med seg 250 kilo nyttelast og den første skal vere klar i september 2019.

Fire eigarar

Griff Aviation har fire eigarar.
Dagleg leiar Leif Johan Holand og Jan Martin Nysæter arbeider begge i selskapet, som har 13 tilsette. Saman med eigedomsinvestor Torfinn Nesset frå Rogaland eig det omlag ein tredjepart kvar.
Fjerde eigar er dagleg leier og eigar av ventilasjonsentreprenøselskapet Plato i Sykkylven, Odd Arne Rønes. Han eig 0,95 prosent.

Publisert: 10.04.2018 15:54

Sist oppdatert: 08.03.2023 12:27

Mer om