Storkontrakt for Gasnor
AVTALE: LNG-gassen til Havila Kystruten sine skip skal leverast av Gasnor. 
Nytt

Storkontrakt for Gasnor

Hurtigruten og Havila Kystruten blir gigantkundar hos Gasnor.

11.06.2019
Når Hurtigruten sin ombygde skip og Havila Kystruten sine LNG-driven skip er i sett i trafikk vil dei to reiarlaga stå for omlag ein tredjepart av driftstinntektene til selskapet Gasnor. Det seier Gasnor-sjef Eilef Stange.
Shell-eigde Gasnor har fått 10-årige leveringsavtalar med begge reiarlaga, som skal dele på passasjer- og godsrutetrafikken mellom Bergen og Kirkenes.
Havila og Gasnor skriv i ei felles pressemelding at Havila Kystruten vil bunkre i Bergen.
Selskapa ser også på løysingar for å kunne ta i bruk hydrogen og biogass i framtida.
Hurtigruten har tidlegare varsla at minst seks av Hurtigrutens totalt 16 skip blir bygd om for å kunne drivast på ein kombinasjon av store batteripakkar, flytande naturgass (LNG) og biogass (LBG) – produsert av organisk avfall frå skogbruk og oppdrettsnæring.

Publisert: 11.06.2019 14:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36