Store variasjonar i drivstoff forbruk mellom kapteinar
DATA: Stian Grønning meiner skipsindustrien kan spare store summar ved å bruke dataanalysar i større grad enn i dag.
Nytt

- Store variasjonar i drivstoff-forbruk mellom kapteinar

Ein ferjekaptein kan på same strekninga bruke 30 prosent meir drivstoff på same ruta enn kollegaen sin.

17.01.2018
- Det kan vere store summar å spare på å gjere dataanalysar av drivstoff-forbruk på individnivå.
Det seier dagleg leiar Stian Grønning i det Tromsø-baserte selskapet Recogni.
Under eit seminar i regi av NTNU og Blue Maritime Cluster Ålesund onsdag, var det fokus på maritime støttesystem rundt beslutningsprosessar.

Dyrt ballastvatn

Grønning viste til analysar som dokumenterte at dei store skilnadene i drivstoff-forbruk mellom ulike operatørar ikkje var enkelthendelsar, men noko som vedvarde over tid.
Selskapet har mellom anna gjort ei rekkje analysar for offshoreselskap og andre selskap innanfor shipping.
- På eitt og same skip ser vi at det kan vere 150 tonn skilnad på det to ulike kapteinar brukar i ballastvatn.
- Denne skilnaden har store økonomiske konsekvensar, fastslo Grønning.

Regionale kundar

Tromsø-selskapet vart starta opp i 2014, og har hatt ei rekkje kundar på Nordvestlandet, som Remøy Shipping, Fosnavaag Ocaen Academy, Racer, ÅKP og Vri Møre og Romsdal.
Endåtil avisa Klassekampen står på kundelista.
- Der analyserte kva type forsidebilde som selde best, seier Grønning.

Eldre er skeptiske

Grønning opplyser at det er stor skilnad i entusiasmen rundt datainnsamling, analyse og tiltak i shippingbransjen.
- Vi ser at yngre beslutningstakarar er mykje meir positivt innstilte enn eldre. Den siste gruppa er ofte skeptiske og ser ikkje alltid nytteverdien, sjølv om det også her er variasjonar.
Grønning avmystifiserte moteordet som 'big data'.
- Det er eit 'hypeord', men er i praksis store volum av ulike typer datamengder.

Mange opne datakjelder

Han viste til at datalagringskapasiteten har auka ekstremt på kort tid, det same med linje- og reknekapasiteten.
- I tillegg har vi nye algoritmer og mange opne datakjelder.
Han trekte fram vertenesta yr.no som eir døme på store og opne datamengder.
- Her ligg enorme mengder verdata frå heile verda ope tilgjengeleg for alle.
Men Grønning slo fast at det har liten verdi å sitje på store datamengder om ein ikkje veit korleis ein utnyttar dataen.
- Alt kan i praksis koplast på nett og målast. Men poenget er ikkje å ha mest muleg data. Poenget er korleis ein måler det, sa Grønning.

Statoil-satsing

Ellen Karoline Norlund, seniorkonsulent for logistikk og beredskap ved Statoil, meinte at ein berre var i startfasen i bruk av 'big data' til å støtte beslutningar.
Ho viste til at Mongstad som handterer 20 offshore innretningar, mellom anna manglar eit fullgodt optimalisert system for ruteplanlegging.
- Men vi har gjort mykje siste åra, mellom anna for å få redusert tida fartøya er ved basen og kor mykje last kvart fartøy fraktar.

Komplett ressursbilde

Statoil opererer i dag i praksis verdas største private overvakingssystem der ein mellom anna nyttar radarsensorar, VHF-stasjonar og data frå helikopter og skip i sanntid.
- Vi ha eit komplett ressursbilde i sanntid, slik at vi har full oversikt over tilgjengelege ressursar ved ein beredskapssituasjon.
- Vi kan også hindre kollisjonar og oppdage andre farer og iverksette tiltak.
Men Norlund meinte at ein framleis hadde mykje å gå på når det gjeld å operere fartøya optimalt.
- Systema i seg sjølv har liten verdi om vi ikkje kan bruke dei data vi sit på til å utvikle betre prosessar og utnytte betre ressursane.

Nye inscentivsystem

Ho sa at i dag er det for stor skilnad.
- Vi har berre sett starten på bruk av digitalisering av beslutningsprosessar.
- Vi ønskjer å verte meir effektive, meir sikre og meir miljøvenlege.
- Vi ser også på nye inscentivsystem for å premiere dei som leverer best.

Vi ser at yngre beslutningstakarar er mykje meir positivt innstilte enn eldre

Publisert: 17.01.2018 16:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17