Store sprik i valdeltakinga
VAL: Store sprik i valdeltakinga i nordvest, og spesielt i nye Ålesund.
Nytt

Store sprik i valdeltakinga

Volda og Gloppen høgast i nordvest, men frå 48,5 til 77,8 prosent valdeltaking i dei ulike krinsane i nye Ålesund. 

10.09.2019
Deltakinga ved kommunestyrevalet ser ut til å gjere eit kraftig hopp frå sist og hamne på 64,5 prosent for landet under eitt. To av tre brukte stemmeretten i Vestland og Oslo.
Ser ein vekk frå valdeltakinga i 2011, har ikkje fleire stemt sidan valet i 1991 (66 prosent).
Ved kommunestyrevalet for fire år sidan møtte 60 prosent av dei stemmeføre opp. Éin gong etter 1945 har deltakinga falle under 60 prosent, i 2003 (59 prosent), medan den i 1963 var på over 81 prosent.

Høgt i nye Vestland

I alt var det 4.199.067 stemmeføre ved kommunestyrevalet i år.
For nye Vestland fylke enda valdeltakinga på 67,7 prosent, medan valdeltakinga i Møre og Romsdal enda på 62,8 prosent.
I nordvest hadde Gloppen 71,2 prosent valdeltaking, føre Volda med 68,1 prosent. I Volda røysta heile 75,7 prosent Hornindal krins, som no er ein del av nye Volda.
I nye Kinn kommune røysta 68,0 prosent.

Få røysta i Sentrum

Valdeltakinga i nye Ålesund enda på 60,9 prosent, men her var det svært store sprik.
Aller flest røysta på Lepsøya med 77,8 prosent. Valdeltakinga var også høg i Ørskog med 69,4 prosent.
I Sentrum var det derimot berre 48,5 prosent av dei røysteføre som røysta.

Publisert: 10.09.2019 08:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39