Stor vekst nytt minus og spent paa framtida
FOSNAVÅG: Djupare hamn, eller ikkje, er eit spørsmål som betyr mykje for mellom anna Fosnavaag Pelagic og dagleg leiar Roar Aasen.
Nytt

Stor vekst, nytt minus og spent på framtida

Fosnavaag Pelagic har nytt rognanlegg, frisk kapital og ligg an til å slå fjoråret. Men no er dei mest spent på det politiske sjøslaget om hamna.

Marius Rosbach
21.09.2020
Dei siste vekene har diskusjonen om framtida for Fosnavåg hamn, utvikla seg til eit politisk oppgjer med høg temperatur, der næringslivsinteressene i hamna er éin av faktorane.
Spørsmålet har vore om Herøy kommune skal seie ja til spleiselaget med Kystverket om utdjuping og mudring av hamna.
Lengst inn i vågen ligg fiskemottaket Fosnavaag Pelagic. Framtida for hamna og bedrifta går hand i hand, og om ingenting blir gjort, er dagleg leiar Roar Aasen redd for følgene.
– Konsekvensen blir at vi ikkje vil vere konkurransedyktige på råstoff samanlikna med våre konkurrentar. Det er allereie båtar som synest det er for grunt, og utviklinga går i retning av større båtar. Vi risikerer at fleire og fleire båtar vegrar seg for å gå inn i Fosnavåg hamn på grunn av djupna, fortel han til NETT NO.
I førre kommunestyret vende politikarane tommelen ned til prosjektet med knappast mogleg fleirtal. Denne veka kjem saka tilbake på politikarane sitt bord. Meir om det litt seinare.

Ti millionar i ny kapital

Fosnavaag Pelagic tek i mot sild og makrell og satsa for nokre år sidan på heilautomatisk anlegg som gjer drifta meir lønnsam.
I åra 2017-2019 har drifta samla gått med overskott – men i fjor enda drifta med tre millionar i minus. Samtidig auka omsetninga med kring ein tredel til 325 millionar kroner (sjå tabell til høgre – under om du les på mobil).
I løpet av 2020 har fiskemottaket fått tilført ti millionar i ny kapital frå eigarane. Nils Sperre AS og Koppernæs-konsernet er no dei to største eigarane med to jamnstore aksjepostar, etter at Remøy Group selte seg ut, viser .

Større kapasitet med nytt rognanlegga

Nyleg opna bedrifta ei nytt silderognanlegg – ei investering som har kosta kring 12 millionar kroner. Dagleg leiar Roar Aasen fortel at 2020 ser betre ut enn fjoråret, og at han har trua på overskot.
– Med det nye anlegget har vi utvida sesongen ved mottaket, samtidig er det gjort andre forbetringar ved anlegget tidlegare. Nå har vi en makrellsesong med større kvoter enn i fjor, og med sildekvoter om lag på same nivå, har vi trua på at det blir bra, seier Aasen til NETT NO.
Styret påpeiker samtidig at marknaden er sårbar for kraftig auke i pris på både makrell og sild.

– Handlar om kva ein vil med hamna

Gleda var stor til mykje debatterte hamneprosjektet i Fosnavåg. Sidan har reknestykke gjort at fleirtalet av lokalpolitikarane har fått kalde føter.
– Det handlar om kva ein vil med hamna i framtida, meiner Fosnavaag Pelagic-sjefen.
Fleire meiner at avgjersla er eit vere-eller-ikkje-vere for fiskeriverksemda i hamna. Aasen vil ikkje utdjupe om dei har ein plan-b om å flytte på seg.
– Viss vi ikkje får nok tilgjengeleg råstoff blir det vanskeleg, men så langt har vi ikkje nokre slike planar, svarar han.

Les også:



Skal ta stilling til hamna på nytt

Ordførar Bjørn-Halvor Prytz i Herøy var mellom dei som stemte nei då hamnesaka var oppe sist. Han meiner den økonomiske risikoen i prosjektet er for stor.
– Det som skapar problemet er at dei 108 millionane i forskoteringsordninga berre dekker ein del av arbeidet. Men om kommunen må inn med 60 eller 100 millionar, er eit ope spørsmål, seier Prytz til NETT NO.
Torsdag denne veka kjem saka tilbake på sitt bord og ordføraren fortel at dei skal ta stilling til ei ny utgreiing.
– Det blir lagt fram ei tilråding som går på å søke om utsetting på desse pengane, slik at vi har moglegheit til å vurdere andre deponiløysingar, fortel Prytz.
Han trur det kan vere pengar å spare, og håpar kommunen slik kan kjøpe seg litt tid og ikkje går glipp av hamnemillionane.
Prytz vil ikkje forskotere kva han sjølv kjem til å lande på i saka, og reknar med at dei fleste partia vil ta opp saka i gruppemøte før vedtaket.

Meiner bedrifter har gitt ulike signal

Ordføraren meiner det har kome ulike signal frå dei bedriftene i hamna, mellom anna frå Fosnavaag Pelagic, om korleis dei stiller seg til å bidra i prosjektet.
– Dei har tidlegare sagt at dei skal bygge nytt fryseri, nytt mottak, ny filetlinje, skape 40-50 nye heilårsarbeidsplassar, koste innløysing av aktuelle nausteigedomar, og kanskje til og med vil vere med å koste kai . No har dei gått vekk frå dette, og vil i tillegg ikkje vere med å betale ei krone
– Dei har tidlegare sagt at dei skal bygge nytt fryseri, mottak og leveringslinje, og kanskje til og med vil vere med å koste på kaiene. No har dei gått vekk frå det, og vil ikkje vere med å betale ei krone, seier ordføraren.
Han peiker på at bedrifta også har stilt krav om å få dekka kostnader ved eventuell driftsstans i samband med arbeidet.
-Dette kravet, som kan dreie seg om millionar av kroner, saman med lovnadane som ikkje held seg oppe, har gjort at saka er snudd heilt på hovudet for min del, seier Prytz.

– Har heile tida vore ope om våre synspunkt

Fosnavaag Pelagic-sjef Roar Aasen påpeiker at dei ikkje skal ta politisk stilling til hamneprosjektet.
– Vi skal respektere avgjersla, men den må bli gjort basert på fakta. Vi har heile tida vore ope om våre synspunkt, og enkelte spesifikke krav har vi vore klare på sidan 2014, seier han.
Aasen fortel at dei har sagt at prosjektet gjer at det opnar seg moglegheiter for å tenke framtid - men om det blir fryseri, eller andre ting, får vise seg, meiner han.
– Det viktige er at hamna blir djupare. Utan at det skjer, kan historieforteljaren starte på siste kapittel om Fosnavåg som fiskerihamn, legg han til.
Aasen er samtidig uroa for korleis fylkeskommunen vil takle det nye ansvaret for fiskerihamnene, og stiller spørsmål ved om dei vil ha midlane som trengst til dette arbeidet i framtida.
– Det er noko politikarane må ta stilling til. Eg stiller berre spørsmålet, legg han til.

Les også:




Vi risikerer at fleire og fleire båtar vegrar seg for å gå inn i Fosnavåg hamn på grunn av djupna

Publisert: 21.09.2020 05:55

Sist oppdatert: 07.04.2021 16:28