Stor spenning rundt ankerhandterarane
KRISTIANSAND: Westshore-analytikar Inge Moy spår utfordrande tider for ankerhandterarane ettersom stadig fleire riggar klarer seg sjølv, men at ratene brått kan gå rett til vêrs. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Stor spenning rundt ankerhandterarane

Sjølv om stadig fleire riggar klarer seg sjølv utan hjelp, meiner offshoreanalytikar at det slett ikkje er heilsvart for ankerhandterarane.

23.04.2019
- Det kjem inn fleire riggar på norsk side, fleire vert oppankra og det vert fleire riggflytt. Det er bra, men det er spesielt på britisk side at behovet for ankerhandterar er stort.
Det seier offshoreanalytikar Inge Moy ved Kristiansand-baserte Westshore.
Han er svært optimistisk for utsiktene for reiarar som sit på større PSV-ar, men spår ein svært volatil marknad for ankerhandterane.

90 prosent DP-riggar

Den store utfodringa ligg i at stadig fleire riggar i Nordsjøen er DP-riggar (dynamisk posisjonering, red merk). Dette fører til at dei normalt ikkje treng oppankring under operasjonar. I tillegg flyttar dei seg for eiga maskin, utan å trenge båtar til å slepe seg på plass.
- I 2014 var halvparten av riggane på norsk side DP-riggar. I år er det 90 prosent.
- Alle dei fire nye riggane som kjem til Norge i år, er DP-riggar, men der tre av dei skal oppankrast deler av eller heile året, seier Moy.

Frå to veker til to dagar

For dei oppdraga som finst, har varigheita gått kraftig ned.
- Tidlegare var det ofte snakk om to veker. No kan det gå så fort som to dager. Dette fører til utnyttelsen på flåten får ein veldig sterk variasjon.
- Før såg vi gjerne at ankerhandterarane følgde riggane heile vegen, og i tillegg låg og heldt på riggane i dårleg vêr. Dette ser ein nesten ikkje noko av lenger.

Betre på britisk sektor

Men situasjonen er ikkje heilsvart, seier Moy, og viser til at situasjonen er ein annan på britisk sektor enn på norsk side, rett og slett på grunn av ulik djupne på felta.
- DP-riggane slit med å halde seg i posisjon når djupna er under 300 meter. Der må dei normalt ha forankring, og treng difor hjelp av ankerhandterarar.
- På britisk side er det grynne felt der riggane i stor grad må forankrast, slik at det er der den store oppdragsmengda er for norske reiarar som sit med ankerhandterarar.
I tillegg viser Moy til at enkelte riggar ikkje er sterke nok til å liggje på dynamisk posisjonering heile året.
- Typisk for desse er at dei vert oppankra om vinteren.

Store svingningar

For reiarane tel det også positivt at det er færre tilgjengelege skip enn siste åra. Dette kan føre til kraftige ratehopp.
- Dette såg vi blant anna i januar då tre ankerhandterarar frå Viking Supply Ships fekk dagrater på over 700.000 kroner.

- Og om det vert veldig knapt med PSV-ar, kan det resultere i at ein i staden må bruke ankerhandterarar til PSV-oppdrag, slikt vi alt har sett døme på.
Moy spår at ratene vil variere svært mykje.
- Vi ser at ratene alt no varierer frå 150.000 kroner og opp mot nivåa vi såg i januar.
- Med fleire oppankra riggar og færre fartøy i marknaden trur vi at volatiliteten vil vare heile året.
Tidlegare var det ofte snakk om to veker. No er det normale mest to dagar

Publisert: 23.04.2019 05:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:34