Stor sommartrafikk paa Vigra
TRAFIKK: Stor trafikkvekst over Vigra i juli.
Nytt

Stor sommartrafikk på Vigra

98.813 passasjerar reiste over Ålesund lufthamn Vigra i juli. Det er sju prosent meir enn juli i fjor.

10.08.2018
Det er utlandstrafikken som dreg opp, viser juli-tala frå Avinor. Totalt reiste det 38.009 passasjerar over utland, som er ein auke på 10 prosent.
Men også på innland var det ein auke på 4,2 prosent, sjølv om antal innlandsflygingar gjekk ned med 3,7 prosent til 623 totalt.
På utland var det i juli derimot 362 flygingar, ein auke på 17,5 prosent samanlikna med juli i fjor.
Lufthamnsjef Tor Hånde opplyser at det er rutene til Gdansk og Kaunas som står for veksten i utlandstrafikken. Alicante har derimot ein nedgang som følgje av færre avgangar. Det er små endringar på rutene til Amsterdam og København.

Stort fall på Anda

På Ørsta-Volda lufthamn Hovden var det derimot ein liten nedgang i juli. Her reiste det 8.292 passasjerar, ein nedgang på 0,5 prosent samanlikna med juli i fjor.
På Anda lufthamn Sandane var det derimot ein kraftig nedgang på heile 26,7 prosent i juli. Denne månaden reiste det berre 3.524 passaesjrar over flyplassen.
På årsbasis har det til og med juli reist 642.593 passasjerar over Vigra, 65.777 over Hovden og 24.271 over Anda.

Sterk Tyrkia-vekst

På landsbasis melder Avinor om lavare trafikk på enkelte av dei tradisjonelle feriedestinasjonane, men auke andre stader.
Mellom anna auka trafikken til Tyrkia med 33 prosent, Montenegro med 25 prosent og Portugal med 9 prosent.
Albania er ein heilt ny destinasjon frå Norge, og bidro også til auken.
Derimot sank trafikken til Kypros sank med ti prosent, medan dei tradisjonelle ferielanda Spania og Hellas sank med høvevis seks prosent og ein prosent.
Over 5,1 millionar passasjerar reiste til, frå eller via Avinor sine lufthamner i juli. Det er ein oppgang på 4,1 prosent samanlikna med juli i 2017.

Publisert: 10.08.2018 09:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25