Stor interesse for reketeiner
INTERESSE: Potensielle rekefiskarar frå Stavanger i sør og nordover heile kysten har meldt interesse for den nye reketeina som Roy Willy Hagen i fiskevegenprodusenten Frøystad i Herøy har vore med og utvikla. 
Nytt

Stor interesse for reketeiner

Fiskevegnprodusenten Frøystad i Herøy satsar på å ha reketeiner klar for kommersiell produksjon til hausten.

16.01.2018
Fiskarar frå Stavanger i sør og nordover heile kysten har meldt interesse for reketeina Frøystad har vore med og utvikla i samband med Møreforsking.
- Det er i tida, dette med levandefangst, seier Roy Willy Hagen salsleiar for kystfiskarmarknaden i Frøystad.
Møreforskingprosjektet har forska på levandefangst og levandelagring av reker fram til forbrukar, og har konkludert med at det er kommersielt drivverdig.

For tøft med stål

Utgangspunktet for forskingsprosjektet var erfaringar med teinefangst av reker i Canada.
Der er det brukt teiner av stål, men det viste seg ikkje å vere så lurt i Noreg.
I teiner som sto to dagar i sjøen viste det seg at så mange som 40 prosent av rekene hadde fått skader i ryggen etter ein dag. Det gjer dei mindre attraktive i marknaden og betyr økonomisk tap for fiskaren. Dagleg røkting gir mindre skader og gjer fisket meir lønsamt.
Ved å gå over til notteiner - som er mjukare og meir fleksibelt - blei ryggskadene redusert ned til fire prosent.

Lure krabben

Eitt anna problem i prosjektet var krabbe som krabba opp på toppen av teina, forsynte seg av agnet og sperra inngangen for rekene.
Det problemet har fleire løysingar, mellom anna å ha flyteelement som held teina over botnen, glatte sider nederst på teina for å gjere det vanskleg å krabbe opp og ein topp som gjer det vanskleg for krabben å kome til å bli sittande.
Rekene flytter seg dessutan opp i vatnet om natta, slik at teinene kan få fangst også om dei ei plassert oppover i vass-søyla.

Tillegg til trål

Rekefiske med teine opnar for nye aktørar i rekefiske, i tillegg til trålfiskarane som dominerer på rekefelta i fjordane i dag.
I Møreforskingprosjektet er det fiskarar får Finnmark som er med, men Hagen meiner det er aktuelt med teinefiske langst heile kysten.

Publisert: 16.01.2018 14:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17