Stor interesse for nye Kleven prosjekt
OPTIMISTAR: Verftseigar Hans Jørgen Fedog (t.h.) melder om stor interesse for oppdrag hos nye Kleven, men ei avklaring rundt forsyningsskipet (bak) avgjer kor fort og kor mange av dei tilsette som kjem i arbeid. Her saman med verfstdirektør Kjetil Bollestad. 
Nytt

Stor interesse for nye Kleven-prosjekt

Forespørslar om resirkulering, ombyggingar, reparasjonar og nybygg.

28.07.2020
- Det er heilt tydeleg at Kleven har eit svært godt rykte. Det merkar vi på interessa etter at vi overtok som eigar.
Det seier dagleg leiar Hans Jørgen Fedog i Green Yard i Kvinesdal etter at selskapet overtok Kleven-verftet i Ulstein.
Han opplyser at det er interesse for resirkulering av skip ved Kleven, eit område Green Yard har satsa mykje på.
- Dette gjeld ein konkret forespørsel om resirkulering av offshoreskip, seier Fedog.

Kontakta om nybygg

I tillegg har det kome forespørslar om reparasjonar og ombyggingar.
- Vi har også vorte kontakta om nybygg, seier Fedog, som ikkje ønskjer å kommentere kva type skip det i så fall er snakk om.
Kleven heiter no Green Yard Kleven.
- Vi fekk organisasjonsnummeret i går.

Farsund-aktørar

Ifølgje Brønnøysundregistra er Hans Jørgen Fedog styreleiar i selskapet, medan Arne Marthinsen og John Willy Nilsen er styremedlemar. Kjetil Bollestad står oppført som dagleg leiar.
Nilsen er dagleg leiar i FFS Marine AS, medan Marthinsen er dagleg leiar i Einar Øgrey Farsund AS, begge Farsund-baserte selskap.
Fedog seier at det er stor positivitet rundt satsinga.
- Ja, mitt inntrykk er at både tilsette, kommunen, kundar og bankar synst dette er ei god løysing.

Startar tilsetjingsprosess måndag

Neste veke startar prosessen med tilsetjingar etter at alle 250 ved gamle Kleven vart oppsagde ved konkursen til tidlegare eigar DIV Group frå Kroatia.
Det er verftsdirektør Kjetil Bollestad som skal leie den prosessen.
- Dette arbeidet startar måndag.
Kor mange som vert tilsette raskt er avhengig av om Green Yard Kleven finn ein kjøpar til ein PSV der kanadiske Atlantic Towing har kansellert kontrakten.

Nær PSV-løysing

Det står att rundt fem månader med ferdiggjering av forsyningsskipet, der Kleven overtok kontrakten frå Havyard. Etter det NETT NO har grunn til å tru er det kanadiske selskapet framleis blant dei aktuelle til å overta skipet.
- Dette kan eg ikkje kommentere. Det eg kan seie er at vi er nær ei løysing, men at vi er avhengige av ein grei pris for alle partar.
- Vi kan ikkje starte med eit tapsprosjekt, samstundes ønsker vi å få ei rask avklaring, seier Fedog.
Han seier at ein er opptatt av å få til ei sunn drift ved Green Yard Kleven.
- Dette er også grunnen til at vi satsar på fleire segment, i staden for berre å fokusere på nybygging.
Det er heilt tydeleg at Kleven har eit svært godt rykte. Det merkar vi på interessa etter at vi overtok som eigar

Publisert: 28.07.2020 11:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00