Stor interesse for ny Nergaard fabrikk
MÅLØY: Nergård-konsernet opna nyleg ny fiskemjøl og -oljefabrikk i Måløy og er i full gang med prosjektering av ein søsterfabrikk ved Karmsundet.
Nytt

Stor interesse for ny Nergård-fabrikk

I Nergård-konsernet er dei komne langt med prosjekteringa av enda ein moderne mjøl- og oljefabrikk etter modell av fabrikken som nyleg blei oppstarta i Måløy. Nergård-fabrikk nummer to kan kome på Karmøya.

Administrator
03.03.2016
- Dette er ei sak vi har jobba mykje med, men vi veit enda ikkje om planane let seg realisere. Framleis står det mykje arbeid igjen før vi kan seie noko sikkert i så måte. Slik kommenterer dagleg leiar Tommy Torvanger statusen for Nergård As si planlagde fabrikksatsing på Karmøya i Rogaland.

Litt etter tidsplanen

Etter tidsplanen i prospektet for den nye fabrikksatsinga skulle det i slutten av mars vere klart for endeleg styrebeslutting om bygging og bestilling av ny fabrikk med ferdigstilling på våren neste år.- Så langt er vi enda ikkje komne, slår Torvanger fast. Ifylgje Torvanger er realitetane i prosjektet at Nergård ser på mulegheitene for å sette opp ein ny fabrikk på Karmøy som også skal kombinerast med mottak av kvitfisk til konsum.

Lokalt initiativ

Desse planane er baserte på eit initiativ frå lokale fiskarar med tilgang til ei strategisk interessant tomt for etablering av ein ny mjøl- og oljefabrikk berre eit steinkast frå konkurrenten Pelagia Karmsund. Den lokale interessa kjem også til syne gjennom responsen som Nergård har fått på invitasjonen til teikning av ekstern aksjekapital i det nye selskapet. Lista over potensielle aksjonærar tilseier at det kan gå greitt å hente inn dei femti millionar kronene som er førutsett i ekstern aksjekapital.Ein tilsvarande sum skal Nergård sjølv skyte inn og ha minst 51 prosent av aksjekapitalen.

Mange frå pelagisk tråling

Interessa for den nye fabrikken er særleg stor i det pelagiske trålarmiljøet. Ti av fartøya som har skrive seg på som aksjonærar kjem frå denne flåtegruppa som har eit stort tyngdepunkt i nærområdet til den planlagde fabrikken. To slike reiarlag frå Møre og Romsdal er også å finne på den førebelse aksjonærlista.- Ingen ting er signert enda, men på eit slikt prosjekt ønskjer vi å ha med oss så mange fiskarar og lokale investorar som råd er for å gi det ei sterk lokal forankring, seier Torvanger. Den store interessa frå dei pelagiske trålarane må sjåast i samanheng med mulegheitene dei her har til å få eit anlegg som, i tillegg til tobis, kolmule og augepål til oppmaling, også kan ta hand om kvitfisken som båtane i dag for det meste må til Danmark for å levere.- Vi ønskjer å legge til rette slik at båtane kan ta ut den fulle verdien med å levere heile fangsten til eitt og same anlegg, seier han. - Når vi no har fått i gang fabrikken i Måløy vil vi sjå på mulegheitene for eit konsumanlegg også der, legg Torvanger til.
Karmøy-fabrikken er prosjektert etter same mal som den nye fabrikken i Måløy, og investoreane meiner det vil ligge store mulegheiter i eit samarbeid mellom desse fabrikkane.

Stor kapasitet

Slik fabrikken er prosjektert vil det ta 10-12 timar ta å losse dei største kolmulefangstane ved anlegget, og med ein prosesskapasitet på minst 1.200 tonn i døgnet vil ein slik fangst vere unnaprodusert på mindre enn to døgn. Samla årsproduksjon er budsjettert til 4.400 tonn olje og 21.700 tonn mjøl. - Måløy-fabrikken bygde vi på 14,5 månader, og det skal veldig mykje til å greie det noko raskare enn det. Eg håper og trur vi skal kome så langt, men enda har vi ein bit veg å gå, slår Torvanger fast
Vi ønskjer å legge til rette slik at båtane kan ta ut den fulle verdien

Publisert: 03.03.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:53