Stor interesse for jobbmesse
BUSSJÅFØR: Rolandas Cereska med informasjon om gangen fram til å verte bussjåfør.
Nytt

Stor interesse for jobbmesse

Rolandas Cereska frå Sande og Lithauen var av dei som fekk gode jobbtips under den store jobbmessa i Ulsteinvik torsdag.

28.09.2019
- Utruleg bra opplegg. Dette er midt i blinken for meg.
Cereska seier at han har vore på jobbjakt i fem-seks månader.
- Her har eg fått kontakt med ei rekkje firma, og no skal eg heim for å tenke på kva eg skal satse på.

Bussjåfør

Mest spennande synst han i utgangspunktet det var tilbodet frå Nettbuss, som jaktar fleire bussjåførar.
- Eg må då gå kurs og ta førarkort klasse D, men det er eg klar for.
- Eg likar veldig godt å køyre. Språket er ikkje noko problem, seier Cereska.
Han var ein av svært mange jobbsøkarar som var innom NAV Møre og Romsdal si jobbmesse i Ulstein Arena torsdag.
Dei fleste var frå søre Sunnmøre, men også Nordfjord var representert.
Eit førtitals bedrifter var på plass, langt meir enn NAV trudde på førehand.
Spesielt er det bedrifter innan bygg og anlegg som jaktar nye tilsette, men også hotell, verft, maritim industri og andre har behov for arbeidskraft.

Merkar opptur

Ulstein-ordførar Knut Erik Engh (Frp) opna messa, og sa at han merkar ein opptur etter eit par svært tøffe år i Ulstein.
Kommunen har siste året vore på topp i arbeidsløyse i fylket etter nedturen som først ramma offshoreindustrien, og deretter verfts- og utstyrsleverandørar.
Han rosa måten bedriftene har handtert nedturen på.
- Og no ser vi at det lysnar, noko denne messa også vitna om.
Han oppmoda bedriftene til å strekke seg langt for å gi dei som står utanfor arbeidslivet ein sjanse.
- Utanforskap er ei stor utfordring, og næringslivet saman med offentleg sektor er ein el av løysinga, sa Engh, som nemnde spesielt behovet for å gi ungdom og flyktningar ein sjanse.

Publisert: 28.09.2019 07:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26