Stor fiskerikontrakt til Evotec
VEKST: Evotec-staben har blitt større i år. Torgrim Eidheim som snart er ferdig som lærling i Evotec og produksjonsleiar Arve Pedersen, saman med sals- og marknadsansvarleg Torkjell Ringstad, styremedlem og Entec-sjef Håvard Haanes og Ingunn Sporstøl som jobbar med finansane i Evotec. 
Nytt

Stor fiskerikontrakt til Evotec

Skal levere vinsjanlegg for 30 millionar kroner.

09.12.2019
Vinsjanlegget er eit gjennombrot i fiskerimarknaden, seier salssjef Håkon Woldsund i Evotec, som håpar kontrakten fører til ytterlegare oppdrag i fiskerimarknaden.
Kontrakten er på rundt 30 millionar kroner. Den er ein av dei større kontraktane Evotec har inngått i år og den største i fiskerimarknaden, i følgje Woldsund. Vinsjanlegget skal stå ombord i det danske fiskefartyet Gitte Henning, og skal leverast i første halvår 2021.
Båten blir bygd på det spanske verftet Zamakona. Den blir utrusta for både pelagisk tråling og ringnot.
Dei heilelektriske vinsjløysingane, som også omfattar fortøying, er utvikla saman med designselskapet Salt Ship Design, reiarane Henning Kjeldsen og Evotec.

Fleire folk

Evotec auka driftsinntektene med 25 prosent frå 2017 til 2018 og auka også arbeidstokken i løpet av dette året.

Seismikkmarknaden har vore hovudmarknaden for Evotec.
Selskapet er ein del av Entec Group, med søsterselskapa Brimer og Servitech. Evotec var tidlegare eigd av Kongsberg Gruppen, men blei seld ved årskiftet som ein del av vilkåra for at Kongsberg Gruppen fekk kjøpet marinedivisjonen til Rolls-Royce, som har konkurrerande verksemd.


Publisert: 09.12.2019 09:39

Sist oppdatert: 20.05.2021 11:43