Stor auke for personbilar men nokre faar ogsaa billigare ferje
Nytt

Stor auke for personbilar - men nokre får også billigare ferje

Ein typisk semitrailer betalar mindre på Hareid-Sulesund og Sykkylven-Magerholm med neste sommar. Ein pendlar i personbil utan passasjer må ut med langt meir.

Marius Rosbach
12.12.2019
Fylkestinget har denne veka sett førebels strek for endringar i takstar og betaling på fylkesferjene for neste år. Resultatet blei at politikarane , og frå 1. juli blir . Ordninga blir innført på dei sambanda i fylket, der nye kontraktar starta opp i 2019 eller 2020.

Les meir:


Stor auke for personbilar

Konsekvensen er ei auke i fullprisbillett på drygt 30 prosent for reisande med personbilar opp til seks meter, som følgje av Autopass-regulativet. Privatbilistane kan få rabatt på 50 prosent i denne ordninga, og auken blir på same nivå for desse brukarane.
Politikarane har vore klare på at dei ønsker at fleire køyrer saman, og frå same tidspunkt blir det gratis for passasjerar. For ein pendlar som tek med seg ein person, blir prisen difor om lag den same.
For køyretøy med lengde på 12-14 meter gir det nye regulativet ei auke på om lag fire prosent. Dette er typiske handverkarbilar, eller køyretøy som distribuerer varer.
(ekstern lenke)

15 kroner billigare på Hareid-Sulesund

Vegdirektoratet har tidlegare rekna ut at dei typiske store langtransportbilane – på 17-19 meter vil få ei auke på seks prosent når ein går frå riksregulativ, til autopassregulativ.
Men fordi fylkespolitikarane gjekk inn for å gi rabatt på 45 prosent, blir auken mindre for transportnæringa som nyttar ferjene i Møre og Romsdal.
NETT NO har fått sakshandsamar Hilde Johannes Svendsen i Møre og Romsdal fylkeskommune til å rekne ut korleis endringane slår ut for to typiske semitrailerar på 17,5 meter på to samband som blir mykje nytta av næringslivet – Hareid-Sulesund og Sykkylven-Magerholm.
I dag betalar ein sjåfør på Hareid-Sulesund for billett i sone 10. Med 40 prosent rabatt blir prisen 554 kroner.
Til sommaren vil den same sjåføren betale 539 kroner – altså 15 kroner mindre – etter Autopass-regulativet med 45 prosent rabatt.

Også billigare på Magerholm-Sykkylven

På Magerholm-Sykkylven-sambandet vil ein sjåfør med ein bil på 17,5 meter betale 476 kroner på strekninga frå nyttår.
Då blir sambandet flytta frå sone fire til seks, som følgje av nytt og betra ferjetilbod. Den auken har ikkje noko med dei siste politiske vedtaka å gjere – men blei bestemt av fylkespolitikarane i fjor.
Frå sommaren vil det koste 463 kroner å reise med den same semitraileren på denne ferja.

Pendlar med ferje:



Skal forhandle om færre avgangar

Etter at politikarane har vedteke sakene om betaling og ferjetilbodet denne veka, er likevel ikkje alt spikra om korleis det komande året blir for dei reisande.

Kristin Sørheim (Sp) som la fram fleirtalsforslaget, og leiar samferdsleutvalet, har vore klar på at politikarane vil sjå nærare på tilbodet for å kome i mål med dei innsparingane som er naudsynt.
– Vi vil snakke med næringsliv og kommunar, og gå i forhandlingar med operatørane om kvar vi kan redusere utan at det råkar næringslivet for mykje, sa Sørheim frå talarstolen.

Les også:


Sørheim trur til dømes det kan vere noko å spare på å fjerne enkelte avgangar på Eidsdal-Linge. Men ho forklarte at innsparingane som er lagt inn på Smøla-ferja og Sølnes-Åfarnes. ikkje betyr at B-ferjene her forsvinn heilt.

Vil effektivisere på buss og vedlikehald

Ho påpeika også at politikarane ville ha tilbake ei sak på sitt bord med utrekningar for kva innsparingar ein kan hente ved å «optimalisere» kollektivtilbodet.
Fylkestinget røyrde ikkje billettprisane på bussane, men ein slik gjennomgang kan betyr at det kjem kutt i bussruter eller avgangar.
Sørheim sa seg også samd med Frank Sve (Frp), om at det var innsparingar å hente på organisering, og på enkelte avtaler om vedlikehald av vegar. I ein replikk hadde Framstegsparti-politikaren vore oppgitt over at det blei salta i Stranda sentrum, der han meinte det gjekk fint å ha snødekke med grus.

Meir om fylkesøkonomien:






Publisert: 12.12.2019 13:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47