Stoppar salet av Gullblokka
ULSTEINVIK: Rolls-Royce sl likevel ikkje Gullblokka og eigedomen rundt no.
Nytt

Stoppar salet av Gullblokka

Rolls-Royce legg salet av Gullblokka i Ulsteinvik på is.

24.03.2017
Dette opplyser kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Rolls-Royce.
- Vi har bestemt oss for å setje på hald prosjektet med å selje tomta til Gullblokka og finne nye kontorlokale på Hareidlandet.
Ho seier at intensjonen var å gå vidare med prosjektet, men etter ei grundig vurdering har leiargruppa bestemt at dette ikkje er tida til å byggje nye kontorplassar.

Skal ha kontorplassar

Gullblokka og tomta har vore til sals i lenger tid, men salsprosessen vert no stoppa.
Bonnevie Wollebæk seier at dei langsiktige planane om å ha kontorplassar på Hareidlandet ligg framleis fast.
- Men inntil vidare vert vi i dei kontorlokala vi er i.

Hjørungavåg

I praksis vil det bety at rundt 200 tilsette vil halde fram med å vere i kontorlokala i administrasjonsbygget til tidlegare Odim i Hjørungavåg.
Dette bygget er eigd av Havila, og Rolls-Royce har leigeavtale til 2019.
I tillegg har Rolls-Royce rundt 450 tilsette ved propellavdelinga i Ulsteinvik, samt 21 tilsette i Saunesmarka.
Gullblokka er det tidlegare administrasjonsbygget til Ulsteinkonsernet, som i 1998 vart overtatt av britiske Vickers, og seinare seld til Rolls-Royce.

Publisert: 24.03.2017 19:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:07