Stopp i vindkraftbygging paa Stad kan bli dyrt
BYGGING I GANG: Utbygginga av ein vindpark på Stadlandet er i gang, trass protester. No vurderer Olje- og energidepartementet om det er gitt konsesjon på rett grunnlag. 
Nytt

Stopp i vindkraftbygging på Stad kan bli dyrt

Vindkraftbransjen trur byggestopp gir erstatningssøksmål.

25.09.2020
NPK: Gravearbeidet er i gang for Okla vindkraftverk på Stadlandet, samstundes som Olje- og energidepartementet vurderer om det er gitt konsesjon på rett grunnlag. Norwea, organisasjonen til vindkraftbransjen, trur det kan bli søksmål om utbyggjaren vert stogga.
– Dette er ikkje reknestykke med to strekar under svaret, det er menneskelege vurderingar som ligg til grunn, seier spesialrådgjevar Andreas Thon Aasheim i Norwea til . Han meiner styresmaktene gjorde ein grundig jobb då utbygginga fekk konsesjon i 2013 og trur det kan bli store søksmål om utbyggjaren vert stoppa.
– Det blir berre spekulasjonar frå mi side, men for eit vindkraftverk som Okla snakkar vi om investeringar og inngåtte kontraktar på 200 millionar kroner, minst.
I sommar bestemte Stortinget seg for at alle tildelte vindkraftkonsesjonar som ikkje har hatt byggjestart skal vurderast på nytt. Dette gjeld også Okla vindkraftverk på Stadlandet som hadde byggjestart i slutten av august.

To rapportar med ulik konklusjon

Sogn og Fjordane Energi (SFE) søkte i 2007 om å etablere vindkraftverk på Stadlandet. For å greie ut om konsekvensane for naturen utførte fagfolk ei gransking som kom fram til at planområdet for vindkraftverket på Stad er dekt av to sjeldne og trua naturtypar: terrengdekt myr og kystlynghei. Rapporten frå 2005 gir naturen karakteren «Stor til middels verdi».
Basert på dette gjekk både Fylkesmannen og Miljødirektoratet imot vindkraftplanane. Men fagmyndigheitene vart ikkje høyrde. I staden bad Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) om ei tilleggsgransking.
Nye fagfolk kom med ein ny rapport i 2013, og då fekk det same området karakteren «Middels til liten verdi». Dei meinte at lyngheia var for gjengrodd, og myra for skadd av tidlegare inngrep.

Konsesjon i 2013

NVE og Olje- og energidepartementet stolte på den siste rapporten og gav så konsesjon til vindkraftverket på Stad i 2013.
Fylkesmannen kritiserer ikkje konsulentfirmaet som nedgraderte naturen, eller dei som gjorde synfaringa.
– Det kritiske er at energimyndigheita valde å sjå bort frå alvorlege faktafeil, sjølv om vi sa frå om desse, seier seniorrådgivar Tore Larsen til

Offisiell status som viktig

I det offisielle registeret for naturtypar i Noreg, er det konklusjonen frå den første rapporten som er blitt ståande. Der har Stad-naturen fått endeleg status som «Viktig» til «Svært viktig».
I dag er vindkraftkonsesjonen på Stad eigd av italienske Falck Renewables, som nyleg fekk utvida frist til 31. desember 2021 for å få vindkraftverket ferdig. Klagesakene har forseinka byggjestarten.

Publisert: 25.09.2020 12:35

Sist oppdatert: 07.04.2021 17:04