Stopp for nye kontraktar
STILLE ETTER SOMMAREN: Storparten av kontraktane hos norske verft i år er inngått før sommarferien. Norske reiarar ser ut til å vente på den nye finansieringsordning som er varsla, før dei bestiller nye skip.
Nytt

Stopp for nye kontraktar

Verftsnæringa jubla i august då regjeringa varsla innføring av ny finansieringsordning for skipsbygging. Men etterpå er det nesten ikkje inngått nye kontraktar.

04.11.2017
Ved inngangen til september i år var det offentleggjort kontraktar for 9,7 milliardar kroner ved norsk verft.
Status i dag er 10,2 milliardar kroner, takka vere kontrakten Brødrene Aa nettopp har inngått om å levere tre hurtigbåtar til Kina.

Frykta for at uvissa rundt regelverket for den nye finansieringsordninga skulle få skipsreiarane til å sette seg på gjerdet ser ut til å vere godt begrunna.

Vakum i marknaden

I første kvartal offentlegjorde norske verft ni kontraktar for til saman fire milliardar kroner. I andre kvartal av var det 18 farty for til saman 5,2 milliardar, i tredje kvartal fire skip for 0,8 milliardar og så langt i fjerde kvartal altså tre hurtigbåtar til Kina for 250 millionar kroner.
Ordreinngange tørka nesten heilt inn etter at den nye finansieringsordinga vart varsla.
- Vi har ei næringsvennleg regjering, som blant anna ved sitt framlegg om ei ny innanlandsk statleg finansieringsordning for skip legg til rette for ei sunn utvikling for industrien. Det er eingang slik at frå tidspunktet ei ordning blir presentert til den er operativ kan det oppstå eit vakum i marknaden - og dette ser vi klare indikasjonar på, seier administerande direktør Asle Strønen i bransje- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft.

Innanlandsordninga

Regelendringa for kva Eksportkreditt og Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK) kan vere med og finansiere gjer at også ferjer, fiskebåtar, transportskip for innanlands frakt, hurtigbåtar og brønnbåtar blir omfatta av finansieringsordinga som skal stimulere eksport av norske skip og skipsutstyr.
Endringa innber at Noreg får på plass ei såkalla innanlandsordning, som også andre land har tatt i bruk, som gjer at norske reiarar som byggjer skip til bruk i Noreg får nyte godt av finansieringsordingane Eksportkreditt tilbyr.

Ventar på detaljane

Men detaljane i regelendringa er ikkje på plass, og det er det som har sett bestilling av nye skip på vent.
Strønen sa til NETT NO tidlegare i haust at han håpa næringa skulle få klarsignal om at det berre var å bestille nye skip, og at skip vert bestilt no også blir omfatta av ordninga sjølv om detaljane i regelverket ikkje er avklart.
- Vi håpar at verkemiddelapparatet opnar for å kontrahere med forbehold, sa Strønen.

Håpar på oppdrag

I starten av september i år vona Strønen at det ville bli inngått nye skipsbyggingskontraktar i løpet av hausten.
- Det er kontraktar som er diskutert gjennom våren og sommaren som ikkje har funne si avslutning enno. Vi veit at det er nye ordrar på gang, seier han.
Slik er det også i dag, det er nye skip under planlegging, men uvisst når reiarane bestemmer seg for å gå i gang.

Må har meir

Ordreinngangen så langt i år er ikkje stor nok, etter Strønen si vurdering.
- Dette volumet er dessverre ikkje tilstrekkeleg til å halde eit tilstrekkeleg aktivitetsnivå i næringa, seier Strønen.
Det er eingang slik at frå tidspunktet ei ordning blir presentert til den er operativ kan det oppstå eit vakum i marknaden - og dette ser vi klare indikasjonar på

Publisert: 04.11.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15