Stokke veteran til Fora Form
MEIR PRODUKTUTVIKLING: Ivar Sandnes vil auke ny lanseringstakten i Fora Form. Han er tilsett som ny sjef i kontraktsmøbelprodusenten. I bakgrunnen salsdirektør Frode Sporsheim.
Nytt

Stokke-veteran til Fora Form

Ivar Sandnes blir ny sjef for Fora Form i Ørsta. Vil auke lanseringstakten.

17.02.2017
- Produktutvikling, svarar Ivar Sandnes på kva han vil sette øverst på dagsordenen i jobben som leiar for kontraktsmøbelprodusenten Fora Form i Ørsta.
Han vil gjere seg kjend med bedrifta før han seier meir om vegen vidare for kontraktsmøbleprodusenten, men er allereie no klar på at innovasjon- og lanseringstakten må opp.
- Der er det nok eit behov for å få opp aktiviteten, seier han.
Sandnes meiner behovet for å lansere nye produkt er enda større i kontraktsmøbelmarknaden enn for møbelprodusentar som er retta mot privatmarknaden.

Retur til Ørsta

Tida det tek å lære Fora Form å kjenne blir forkorta av at Sandnes har hatt mykje å gjere med Fora Form tidlegare.

Sandnes er sivilingeniør med lang erfaring frå møbelbransjen. Frå 1998 til 2015 arbeidde han i ulike leiarstillingar i Stokke-konsernet, og er i dag styremedlem i Slettvoll Møbler og trappeprodusenten Hagen i Stryn.
Som tilsett i Stokke var Sandnes sjølv med å planlegge og bygge fabrikken i Ørsta, der han no blir sjef. Stokke-konsernet selde Fora Form til Credo Invest, som selde det vidare til det børsnoterte svenske møbelselskapet Lammhults Design Group hausten 2013.

Frå årsskiftet har han arbeidd som seniorrådgivar tilknytt konsulentselskapet Gagn i Ålesund.

Lokal sjef

Sandnes tek over etter Fredrik Aasland som slutta til sommaren., og vil dagpendle frå Ålesund til Ørsta. Han byrjar i jobben allereie om to veker.
I august i år sa Fora Form sin svenske eigar, børsnotere Lammhults Design Group, at dei var på jakt etter en person med adresse på Sunnmøre til å leie Fora Form vidare.
- Eg er veldig glad for at eg fann det eg søkte etter, sa konsernsjef Fredrik Asplund då han lanserte Sandnes som ny sjef i dag.

Gryande opptur

Fora Form er ei av dei leiande bedriftene i Skandinavia når det gjeld stolar, sitjegrupper og bord til kontraktsmarknaden.
Dei to siste åra har det butta i mot, først og fremst på grunn av ein kraftig nedgang i salet i dei to oljefylka Rogaland og Hordaland. I år ser imidlertid Lammhults Design Group tein til oppgang for sitt norske dotterselskap.
- Vi er på veg mot eit 2016 som er eit heilt anna enn 2015, seier Asplund.

Publisert: 17.02.2017 07:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:01