Stjernedesignaren fraa Hornindal
SUKSESS: Anemone Wille Våge og hennar stab held til i Bygdø Allé i Oslo. Dei har hatt ei lang rekkje prestisjeoppdrag for kongelege og kjendisar.
Nytt

Stjernedesignaren frå Hornindal

Som tiåring innreidde ho sitt eige soverom heime i Hornindal. No er Anemone Wille Våge (48) den mest populære interiørdesignaren mellom kongelege og kjendisar.

25.12.2013
- Eigentleg er eg ei sjenert jente frå bygde-Norge, og eg må av og til knipe meg i arma for å forstå kva eg er med på.
Vi treff stjerne-designaren i lokala selskapet hennar disponerer i Bygdø Allé på beste vestkanten i Oslo. Ho bur sjølv i Hafrsfjords gate like ved saman med ektemannen og ungdomskjærasten Stig Sunde. Han er tidlegare Carlsberg-direktør og suksessrik eigar av selskapet Scandza, eit selskap som mellom anna har kjøpt opp Synnøve Finden og Sørlandschips saman med eit amerikansk investeringsselskap.

Dyr dame for Stordalen

I nabolaget har Anemone Wille Våge fleire av kundane sine, slike som Celine Midelfart, hotellkongen Petter Stordalen og andre av «fiffen».
Petter Stordalen har sjølv sagt at Anemone Wille Våge er den dyraste dama han kjenner etter at han har brukt Wille Våge til å bestemme interiøret i fleire av hotella sine.
- Eg har hatt eit veldig godt samarbeid med Petter. Han er opptatt av å ha det vakkert og triveleg rundt seg.

St. Tropez

Men det starta med forretningsmannen og den tidlegare Bik Bok-gründeren Ola Mæhle. Han skulle på slutten av 1980-talet innreie sin praktvilla i St. Tropez, ein villa der han har hatt ei rekkje store festar for finanselite og kjendisar. Mæhle hadde fått opp augene for Wille Våge etter at ho saman med ein kollega hadde hatt ei rekkje reportasjer i Bonytt og andre interiørmagasin om pene norske heimar.
Wille Våge satsa på denne nisjen etter at ho først hadde arbeidd for eit modellbyrå.
- Det vart litt einsforming å arbeide med unge modellar, så eg hoppa av denne karusellen og bestemte meg for å satse på reportasjer om interiør frå norske heimar. Dette slo godt an.

Eksklusive oppdrag

Mæhle vart også strålande fornøgd med jobben i St. Tropez, og rykta byrje å gå om den nye interiørdesignaren.
Ho hadde sjølv sitt eige enkeltmannsforetak, men i 1989 satsa ho for fullt på selskapet Wille Interiør, eit selskap som i dag varierer mellom seks og åtte tilsette, i tillegg til henne sjølv.
Dei kan velje og vrake i eksklusive oppdrag.
- Ja, det har gått godt, men vi gjer det også på vår måte der vi gjerne tek for oss alt – alt frå farge- og stoffval, til innkjøp av møblar og kunst, til finish.

Designpris

Fleire internasjonale designpriar har det også vorte, slik som den høgthengande European Hotel Design Reward i klassen Suite, utdelt i London under gallamiddag for 900 gjestar. Prisen var for Oslo-suiten i Petter Stordalen sitt nye interiørhotell på Tjuvholmen i Oslo.
Wille Våge seier at for henne er det viktig å verte kjend med kundane, før ho bestemmer seg for interiør.
- Eg brukar mykje tid med kundane, slik at eg veit kva slags ønskjer dei har, og kva dei sjølve trivst med.
- Målet mitt er å skape sjelfulle interiør med eigenart. Til betre eg kjenner personlegheit og smak til kunden, til meir vellukka vert interiøret, seier ho.
Og på kundelista finn ein kjendisar på rekkje og rad.
- Enkelte gir berre beskjed om at eg står fritt til å finne noko fint, andre brukar lang tid og er bevisste på kva dei ønskjer.

Kongeleg design

I den siste kategorien kjem dronning Sonja, etter at Anemone Wille Våge fekk i oppdrag å gjere interiørarbeidet i kongefamilien sin private del av slottet.
- Eg kan ikkje kommentere dette nærare ettersom det i kontrakten med Slottet står at eg ikkje kan uttale meg om dette oppdraget.
Anemone Wille Våge overlet så mykje til tilfeldigheitene.
- Eg er perfeksjonist, og vil gjerne ha ei meining og sjølv dei minste detaljar, slik som korleis serviettar skal brettast.

Restaurant-design

Etter kvart vart det også store oppdrag på eksklusive Oslo-restaurantar, slik som Theatercaféen, Restaurant Eik Annen Etage og Fjord.
Innreiing av eit Cessna-fly har det også vorte, Bygdø kongsgård med kronprins Håkon og kronprinsesse Mette Marit står på kundelista, og fleire oppdrag i utlandet har det vorte, slik som interiøret til luksushotellet Copperhill Mountain Lodge i Åre.

Lille Ulefos

Saman med ektemannen Stig Sunde brukar ho også mykje tid på den 200 år gamle freda forvaltarbustaden Lille Ulefos ved Ulefos Hovedgaard, eit bygg som var sett opp av Niels Aall, norges første utanriksminister.
- Eg fall pladask for huset då eg var der første gongen i 2000. Seks år seinare var eg lukkeleg eigar av staden, seier Wille Våge. Ho har lagt sjela si på å oppgradere Lille Ulefos med fokus på tidsrett design og interiør.

Ballast heimanfrå

Anemone Wille Våge meiner sjølv at ho har fått draumejobben. Spranget er stort frå Bygdøy Allé til Sæbø der ho budde dei første seks åra av sitt liv, og seinare til Hornindal, der ho budde til ho var ferdig på gymnaset på Eid.
- Interessa for å skape har eg nok frå foreldra mine. Heime var det alltid musikk eller andre skapande aktivitetar.
Faren Magne Våge bur no i Volda og driv framleis med musikk, medan mor Svanhild Wille døydde i fjor.
- Eg veit dei er stolte av meg, og eg har med meg mykje ballast heimanfrå i arbeidet mitt.

Offshore eller fiske

Med unntak av ein førespurnad frå Union Hotell på Øye, har det vorte smått med oppdrag på Nordvestlandet.
- Men eg er klar. Kanskje eg kan få vere med på innreiing av eit større offshorefartøy eller fiskefartøy ein gong? Det hadde vore spennande, seier Anemone Wille Våge.
Eg har hatt eit veldig godt samarbeid med Petter. Han er opptatt av å ha det vakkert og triveleg rundt seg

Publisert: 25.12.2013 10:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30