Sterkt lag til Haramskonferansen
BRATTVÅG: Nina Jensen, Arvid Moss og Eva Joly kjem til Haramskonferansen 2020.
Nytt

Sterkt lag til Haramskonferansen

Eva Joly, Nina Jensen og Arvid Moss kjem til Brattvåg.

03.12.2019
For niande gong skal Haramskonferansen arrangerast, denne gongen 11. februar neste år i Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg.
Haram nærings- og innovasjonsforum har sett fokus på 'konkurransekraft i samspel', og har tromma saman eit sterkt lag beståande av blant ann korrupsjonsjeger Eva Joly, Nina Jensen frå REV-Ocean, NHO-president Arvid Moss og Taale Korsnes Stette frå Equinor.
- Vi har som mål å hente viktige stemmer frå den nasjonale og internasjonale debatten til Sunnmøre. Vi meiner årets program er det sterkaste på mange år, seier Henrik Dalelid Vedde, dagleg leiar i Haram Næring- og Innovasjonsforum, i ei pressemelding.

Kjempar om konkurransekrafta

Haram Næring- og innovasjonsforum arrangerer konferansen i samarbeid med ÅKP og Haram kommune. Rundt 250 deltakarar er venta til konferansen i Brattvåg.
Henrik Dalelid Vedde viser til at industrien i regionen har vist seg fleksibel og tatt inn over seg dei nye trendane i si omstilling, men framleis kjempar både store og små aktørar for eiga konkurransekraft.
Frå 2020 blir Ålesund, Haram, Sandøy, Ørskog og Skodje til Nye Ålesund kommune og representerer med dette ein av dei største kommunesamanslåingane i Norge.
Dalelid Vedde seier at den regionale konkurransekraft blir satt på prøve, og difor er 'Konkurransekraft i samspel' årets konferansetema.
- Landskapet er i endring både nasjonalt og internasjonalt. Vi opplever usikkerhet, handelskrig og Brexit, den geopolitiske situasjonen påverkar konkurransekrafta til alle. Her må vi ikkje sove i timen, seier Dalelid Vedde.

Offshore energi

I pressemeldinga blir det vist til at Eva Joly har kjempa mot maktmisbruk og korrupsjon i heile sitt liv og vil gi sine perspektiv på dagens geopolitiske situasjon og korleis dette vil påverke vårt internasjonalt retta næringsliv.
NHO-president Arvid Moss trekk perspektiva på norsk konkurransekraft i eit globalt perspektiv.
Rystad Energi og Equinor vil svare på om ein ser nye og veksande moglegheiter innan offshore energi som kan trigge industrien vår.

REV Ocean

Brødrene Sperre og MMC First Process gir oss innsyn i kva som er viktig for deira forretningsverksemd og konkurransekraft.
Nina Jensen i REV Ocean vil gi interessante vinklingar rundt deira framtidsretta forretningsmodell.
Konferansier vert kommunikasjonssjef Anette Bonnevie Wollebæk i Kongsberg Maritime.
Vi opplever usikkerhet, handelskrig og Brexit, den geopolitiske situasjonen påverkar konkurransekrafta til alle. Her må vi ikkje sove i timen

Publisert: 03.12.2019 13:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:46