Sterkt aar for Sperre Compressors
STREK I REKNINGA: Ved årskiftet var aktiviteten og optimismen stigande i marknaden til Sperre Compressors, med hovudanlegg og hovudkontor på Ellingsøya. No byrjar koronaeffekten å vise seg i ordreinngangen.
Nytt

Sterkt år for Sperre Compressors

God slutt på 2019, lovande start på 2020. No kjem koronaeffekten krypande.

27.05.2020
Sperre Compressors-konsernet (tidlegare Sperre Mek.-konsernet) auka driftsinntektene med nesten 25 prosent, til 400 millionar kroner, og snudde minus til solid overskot i 2019 (sjå tabell).
- Spesielt på slutten av året såg vi at aktiviteten var veldig god, seier administrerande direktør Ole Nustad.
Den gode utviklinga held fram også i år, inntil koronaepidemien og tiltaka mot den kom og sette bremsene på i verdsøkonomien.

Etterslep

Sjølv om verdsomspennande restriksjonar for å bremse koronaepidemien blei innført frå tidleg i mars er det først no i mai at Nustad ser effekten for Sperre Compressors. Det er eit etterslep i marknaden som er typisk for store deler av den maritime klynga på Nordvestlandet, meiner han.
Med unntak av konsekvensen av ulike smitteverntiltaka har det tatt tid før konsekvensen kjem i form av færre bestillingar. No er Nustad spent på kor raskt økonomiane blir opna igjen, og om det vil ta tilsvarande tre nye månader før det gir auka aktivitet for Sperre Compressors.
Nokon talfesta spådom om 2020 vil han ikkje gi, til det er uvissa for stor.
Selskapet har ikkje permittert tilsette, og har per i dag ingen planar om permitteringar.

Internasjonal marknad

Industriselskapet på Ellingsøya har ein sterk posisjon internasjonalt i den maritime marknaden for sine startluftkompressorar (blir brukt til å starte motorar) og lagar også startluftkompressorar for dieselkraftverk.
Men lite nybygging er det ettermarknaden, vedlikehald, reparasjonar og utskifting av eldre kompressorar som er viktigast for selskapet.

Service på kompressorane blir utført at mannskapet ombord i skipa. Det gjer at Sperre Compressor ikkje har blitt råka av reisestriksjonar, som har vore ei stor ulempe for mellom andre Brunvoll Volda.

Familien selde seg ut

Fram til Norvestor-fonda kjøpte aksjemajoriteten i 2018 var Sperre Industri ein del av eit familieigd konsern med seks aksjonærar, med hovudkontor og sitt største anlegg på Ellingsøya.

Dei tidlegare eigarane kunne bokføre ein gevinst på 695 millionar kroner etter salet.

Publisert: 27.05.2020 16:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57