Sterk vekst for femaaring
SJØHOLT: Servitech er ein totalentreprenør innan maritime og landbaserte prosjekt, der dei har spisskompetanse på prosjektleiing og installasjon av rørsystem, vassbehandling og avløpsrensing. Marknaden er i hovedsak farty, akvakultur og kommunal VA-sektor. Adm. dir. Kenneth Langvatn (til v.) og utviklingssjef Stig Stokke. 
Nytt

Sterk vekst for femåring

Servitech på Sjøholt er eit godt eksempel på knoppskyting og sunnmørsk gründerånd. Har passert 50 millionar i omsetning og jaktar fleire tilsette.  

Kristin Vidhammer
01.04.2018
Då Stig Stokke, Stein Skaaden, Pål Arne Devold og Johan Longvanes etablerte selskapet hausten 2012, kom dei frå Vard Piping, der dei hadde lang bakgrunn frå prefabrikasjon og produksjon av rørsystem til farty.
Selskapet har satsa på FoU heile vegen og frå å vere mest strategisk retta mot offshore og maritim bransje, ser selskapet no også store moglegheiter innan vass- og avløpsrensing i havbruksbransjen og offentleg sektor.
- Vi er godt fornøgd med marknadsandelen vi har innan det maritime, og den satsinga skal vi utvikle vidare. Men det største vekstpotensialet framover ser vi innan ulike typar renseanlegg. Det gjeld både totalentreprenørrolla innan kommunalteknikk og vatn- og slambehandling innan akvakultur, seier dagleg leiar Kenneth Langvatn og utviklingssjef Stig Stokke.

Har levert gode resultat

Medan omsetninga i 2016 var 32 millionar, auka den i fjor til over 50 millionar, ifølgje Langvatn og Stokke. Dei har heile tida gått med overskot og i 2016 var resultatet før skatt heile 5,4 millionar kroner. 2017-resultatet er ikkje kjent enno.
- Vi innfridde resultatmåla våre i fjor og er godt fornøgd med resultatet, utan at vi vil vere meir konkret enn det. Dette også til trass for betydeleg vekst, som ofte fører med seg veksesmerter. Vi har lukkast med å få tak i flinke folk og som har stått på desse oppstartsåra, seier dei.
Selskapet har heller ikkje ei krone i lån.
- Veksten er finansiert over drift og med god sunnmørsk nøysomheit, seier dei.
No går selskapet inn i ein ny fase med vidare vekst og utvikling, og der dei har fått auka prosjektorganisasjonen og ingeniørkapasiteten.
- Ei bevisst satsing på FoU, nye løysingar og kompetanseheving heile vegen, har vore nøkkelen til suksess. Når det gjeld omsetninga framover, er det ikkje usannsynleg med ei dobling i løpet av dei nærmaste åra.

Stadig på søken etter flinke folk

Dei siste vekene har dei tilsett fire personar, slik at dei no er rundt 40 tilsette. I tillegg baserer dei seg på innleige av personell gjennom bruk av underleverandørar, slik at dei i løpet av fjoråret var opp i 100 personar ein periode.
- Vi skal fortsetje å vekse. Finn vi rett kompetanse, ser vi for oss å tilsetje 5-10 personar til framover, der hovudtyngda vil vere industrirørleggjarar og sveisarar. Vi er stadig på søken etter fleire flinke medarbeidarar.
Med den veksten dei har hatt, har dei vekse ut av kontorlokala, slik at dei no utvidar ved å byggje på ein ny kontorfløy i dei lokala som dei leiger. I tillegg har dei heile tida investert i maskiner og utstyr i verkstaden, samt kursing av dei tilsette.

Samarbeidar tett med lokale aktørar

Servitech legg stor vekt på samarbeid med lokale aktørar som utfyller dei i leveransane, til dømes innan automasjon, elektro og maskinentreprenør. Eit døme er eit tosidig samarbeid som dei har med Brattvaag Electro.
- Vi ser på samarbeid som avgjerande for å kunne ha konkurransefortrinn i dei ulike marknadane, understrekar Langvatn og Stokke.
Store kundar i fjor var Fiskerstrand Verft og Cflow, som dei også har eit godt samarbeid med.
- Vi gjer også mykje arbeid for Vard, både på verftet i Tomrefjord og på Aukra. Mange av kundane våre er naturleg nok frå regionen her, men innan det maritime har vi også ambisjonar om å strekke oss lengre utover langs kysten.

Stort potensial for vassbehandling og avløpsrensing

Dei ser store moglegheiter i den kommunale VA-sektoren, som dei ønskjer å utvikle.
- Fagleg er det mykje av det same, men den offentlege marknaden og kommunalteknikk representerte noko heilt nytt for oss då vi etablerte selskapet. Difor har vi gjort ein jobb for å skaffe oss kompetanse innanfor dette området.
Dei leverte det første anlegget til kommunal sektor i 2016. Dei har utvikla eit konsept som er modul- og containarbasert, noko som gir kostnadseffektivitet og fleksibilitet i forhold til dimensjonering/skalerbarheit og plassering.
- Det er nye rensekrav, der mindre og private vassverk no også har fått krav. Difor er det eit stort potensial framover og der vi har god tru på dette konseptet. Vi tek også på oss hovudentreprenørrolla, slik at vi samhandler med underleverandørar.
Dei har også utviklingsprosjekt inn mot avløpsrensing basert på sedimentering i samarbeid med Norconsult.
- Det er ein betydeleg marknad inn mot kommunal sektor, der kommunane har rensekrava hengande over seg og der dei må gjere store investeringar framover.

Akvakultur og synergiar

Dei ser også vekstpotensial og store synergiar inn mot akvakultursektoren, som treng vatn- og slambehandlingsanlegg.
- Her er vi heilt i startgropa og har utforma fleire løysingar som kan vere klare for kundar, seier dei.
Det er dei fire gründarane som eig selskapet med like stor andel kvar.
Ei bevisst satsing på FoU, nye løysingar og kompetanseheving heile vegen, har vore nøkkelen til suksess.

Publisert: 01.04.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:19