Sterk vekst for Vertikal Service
VEKST: Etter to år med nedbemanning starta Åsmund Vaage i Vertikal Service å rekruttere igjen våren 2017. 
Nytt

Sterk vekst for Vertikal Service

I 2016 hadde Åsmund Vaage i Vertikal Service 14 på lønningslista. No har han 44, og ser etter fleire.

16.05.2019
Det er oljebransjen som er hovudmarknaden for Vertikal Service. Frå kontoret i Furene i Volda sender selskapet ut folk som brukar klatreteknikk i staden for stillas når dei skal drive inspeksjon, vedlikehald og utbetring på mellom anna oljeinstallasjonar offshore.
Oljeprisfallet i 2014 sende sjokkbølgjer inn i marknaden for vedlikehald og utbetring. I løpet av to år var arbeidsstokken redusert frå 45 til 14, men i 2016 snudde det.

Våren 2017 starta selskapet å rekruttere igjen. Ved utløpet av 2018 sysselsette selskapet 34 årsverk. No er det 44. Målet er å passere 50 i løpet av 2019, så sant selskapet klarer å finne folk med dei rette kvalifikasjonane, i følgje Vaage. Det er blitt meir å gjere og det har også auka konkurransen om arbeidskrafta.

Tøff marknad

Trass i full ordrebok og stor etterspørsel er det ein tøff marknad. Det heng delvis saman med at Equinor, som er det største oljeselskapet på norsk sokkel, inngjekk langvarige avtalar med serviceselskap på vilkår som pressar marginane i bransjen. Det slår ut også i oppdraga Vertikal Service har hos serviceselskapa.
På dei oppdraga der Vertikal Service har avtale direkte med sluttkunden er marginane betre, mellom anna fordi det og omfattar prosjektering av oppdraget.
I 2017 hadde Vertikal Service sitt nest mest lønsame år. Då var 75 prosent av oppdraga direkte mot sluttkunde. Det var uvanleg høgt. I år er andelen rundt 45 prosent, mellom anna takka vere to direkte kontraktar med Equinor.

Ser mot ny energi

Oljebransjen kjem til å vere den viktigaste marknaden også i mange år framover, men Vertikal Service arbeider for å auka andel oppdrag mellom anna innan fornybar kraft.
- Det er ein aukande marknad og er blant satsingane frå vår side, seier Vaage.

Publisert: 16.05.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35