- Utvikling av nye produkt er heilt avgjerande for at vi skal lukkast i framtida, men siste månadene har vi hatt fullt opp å gjere med leveransar til kundar over heile verda, seier adm. dir. Frode Håkon Kjølås ved .
Og det er spesielt salet av elektrobedøvarar for oppdrettsnæringa som har skote fart.
- Ja, det er fleire år sidan produktet vart utvikla, men det er først det siste året at salet har tatt av.
Men selskapet leverer også komplette anlegg til lakseslakteri og foredlingsbedrifter, anlegg som tek seg av heile prosessen frå bedøving, blogging, kjøling og pakking.
- Vi har mellom anna levert eit komplett anlegg til ein kinesisk produsent av fem kilos regnbogeaure, seier Kjølås.
Men oppdrettarar i land som Danmark, Finland, Irland, Japan, Polen, Skottland, USA og Vietnam står på kundelista.
- I Holland har vi siste tida fått mange kontraktar, seier Kjølås.
Han opplyser at det i stor grad er kundane som kjem til Seaside og spør om å få kjøpe våre produkt - ikkje omvendt.
- Ja, vi er heldige slik. Ofte er det matvarekjeder som tek kontakt.
Stranda-bedrifta har vakse kraftig siste åra. I fjor omsette selskapet for 60,5 millionar kroner, og resultatet før skatt vart solide 12,6 millionar kroner.
- Vi ligg an til å vekse også i år, seier Kjølås.
Selskapet har i dag knappe 30 tilsette, der 30-40 % av dei tilsette kjem frå Polen, resten frå Norge.
- Vi har polske tilsette som har arbeidd med oss i elleve år.
All produksjon skjer lokalt på Stranda, delvis i samarbeid med Stranda Stålindustri.
- Vi driv i stor grad skreddarsaum etter kunden sine ønskje, og det er ofte snakk om korte leveringsfristar.
- Dette er ein produksjon som det egnar seg best å utføre lokalt, ikkje i utlandet.
Selskapet har satsa stort på forsking og utvikling siste åra. I fjor vart det brukt 5,7 millionar kroner til ulike utviklingsprosjekt.
Kjølås seier at det vert like mykje i år.
- Vi har gåande fire ulike utviklingsprosjekt.
- Vi har køyrd testar på laks, og det fungerte godt, seier Kjølås.
- Vi har god tru på dette produktet framover.
Les meir
Seaside er 100 % eigd av Frode Håkon Kjølås gjennom selskapet Kjølås Stansekniver.
Og det er spesielt salet av elektrobedøvarar for oppdrettsnæringa som har skote fart.
- Ja, det er fleire år sidan produktet vart utvikla, men det er først det siste året at salet har tatt av.
Men selskapet leverer også komplette anlegg til lakseslakteri og foredlingsbedrifter, anlegg som tek seg av heile prosessen frå bedøving, blogging, kjøling og pakking.
- Vi har mellom anna levert eit komplett anlegg til ein kinesisk produsent av fem kilos regnbogeaure, seier Kjølås.
Men oppdrettarar i land som Danmark, Finland, Irland, Japan, Polen, Skottland, USA og Vietnam står på kundelista.
- I Holland har vi siste tida fått mange kontraktar, seier Kjølås.
Han opplyser at det i stor grad er kundane som kjem til Seaside og spør om å få kjøpe våre produkt - ikkje omvendt.
- Ja, vi er heldige slik. Ofte er det matvarekjeder som tek kontakt.
Stranda-bedrifta har vakse kraftig siste åra. I fjor omsette selskapet for 60,5 millionar kroner, og resultatet før skatt vart solide 12,6 millionar kroner.
- Vi ligg an til å vekse også i år, seier Kjølås.
Selskapet har i dag knappe 30 tilsette, der 30-40 % av dei tilsette kjem frå Polen, resten frå Norge.
- Vi har polske tilsette som har arbeidd med oss i elleve år.
All produksjon skjer lokalt på Stranda, delvis i samarbeid med Stranda Stålindustri.
Passar best i Norge
Kjølås seier at det ikkje har vore tema å setje ut produksjon til utlandet.- Vi driv i stor grad skreddarsaum etter kunden sine ønskje, og det er ofte snakk om korte leveringsfristar.
- Dette er ein produksjon som det egnar seg best å utføre lokalt, ikkje i utlandet.
Selskapet har satsa stort på forsking og utvikling siste åra. I fjor vart det brukt 5,7 millionar kroner til ulike utviklingsprosjekt.
Kjølås seier at det vert like mykje i år.
- Vi har gåande fire ulike utviklingsprosjekt.
Bløggerobot
Eitt av prosjekta dreier seg om utvikling av ein bløggerobot som også kan brukast av fiskefartøy.- Vi har køyrd testar på laks, og det fungerte godt, seier Kjølås.
- Vi har god tru på dette produktet framover.
Les meir
Seaside er 100 % eigd av Frode Håkon Kjølås gjennom selskapet Kjølås Stansekniver.
Dette er ein produksjon som det egnar seg best å utføre lokalt, ikkje i utlandet
Publisert: 04.08.2015 06:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45