Sterk vekst for Brunvoll Volda
MEIR PÅ GJERE: Større aktivitet i marknaden og effekten av å vere ein del av Brunvoll-konsernet gjer at Brunvoll Volda-sjef Hallvard Pettersen kan legge fram eit reknskap med sterk vekst i driftsinntektene. 
Nytt

Sterk vekst for Brunvoll Volda

Gir- propellprodusenten Brunvoll Volda har ikkje hatt høgare inntekter sidan 2010.

11.06.2019
Driftsinntektene til Brunvoll Volda auka med over 40 millionar kroner frå 2017 til 2018 (sjå tabell).
Selskapet må tilbake til 2010 for å finne eit år med høgare inntekter og aktivitetsnivået i marknaden auka markant i løpet av 2018, skriv Brunvoll Volda i årsmeldinga for 2018.
Men konkurransen er tøff og marginane små.
I 2010, då selskapet hadde 308 millionar kroner i driftsinntekter, var resultatet før skatt 57 millionar kroner. I 2018 var driftsinntektene 301 millionar kroner og resultatet før skatt 1,5 millionar kroner.
Bedrifta sysselsette 123 årsverk i 2018.

Brunvoll-effekt

Brunvoll-konsernet i Molde kjøpte bedrifta i Volda i 2017, frå Scana Industrier. Ideen var å utnytte at dei to bedriftene har produkt som utfyller kvarandre, slik at dei saman kunne få større slagkraft i marknaden.
Det har lukkast i følgje årsmeldinga:
"Selskapet har et økende salg internt i konsernet i Norge, som til slutt blir solgt videre internasjonalt. Synergieffekten av å bli en del av Brunvoll har åpnet dørene for flere segment og bremset markedsnedturen innen olje og gass."

I pluss på eigedom

Auka inntekter i kombinasjon med svak lønsemd er også status for heile Brunvoll-konsernet. Konsernet hadde 1,7 milliardar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 17 millionar kroner i fjor.
Både i 2017 og 2018 var det sal av eigedom i Molde sentrum som gjorde at konsernet enda i pluss.

Publisert: 11.06.2019 08:46

Sist oppdatert: 17.06.2021 12:23