Sterk start paa aaret for Fjord1
RESULTAT: Fjord1 tener godt på ferjedrifta. Her den nye elferja Gloppefjord på sambandet Lote - Anda. 
Nytt

Sterk start på året for Fjord1

Inntektene aukar, men resultatet dala litt for Fjord1 i første kvartal.

23.05.2018
Transportselskapet hadde 711 millionar kroner i inntekter i første kvartal, opp frå 628 millionar i same kvartal i fjor.
Resultatet før skatt enda på solide 138 millionar kroner, opp frå 133 millionar.
Etter skatt vart resultatet 106 millionar, mot 132 millionar i første kvartal i fjor.

God ferjedrift

Fjord1 har totalt 67 fartøy, og det meste av inntektene kjem frå ferjedrifta.
Her var omsetninga 647 millionar kroner i første kvartal, og driftsresultatet 214 millionar.
Passasjerbåt-satsinga gav 26 millionar i inntekter, og eit driftsresultat på 1,7 millionar, medan catering-delen hadde inntekter på 38,8 millionar og eit driftsresultat på 1,2 millionar.
Turisme-delen går framleis i minus. Her var inntektene i første kvartal 3,0 millionar kroner, og resultatet før skatt minus 2,0 millionar.

Store investeringar

Konsernet står føre store investeringar etter å ha vunne fleire ferjeanbud. På lista står sju nybygg i 2018 og ytterlegare 15 i 2019.
Mellom anna skal det byggjast fem nye ferjer ved Havyard i Leirvik, og to ferjer ved det tyrkiske Cemre-verftet, eit verft Havyard har eit tett samarbeid med.
Samla skal Fjord1 investere i nye fartøy for 1,3 milliardar kroner i 2018, og ytterlegare 2,2 milliardar kroner i 2019.
I tillegg kjem investeringar i kaier og landanlegg for 141 millionar kroner i år, og 208 millionar korner neste år.
Konsernet har ei langsiktig gjeld på 2,3 milliardar kroner.

Sævik held fram

Ifølgje kvartalsrapporten frakta konsernet 21,1 millionar passasjerar og 10,4 millionar køyretøy i 2017.
I heile konsernet er det no 1204 tilsette.
På generalsforsamlinga tysdag vart Vegard Sævik attvalt som styreleiar for to nye år.
I tillegg vart Siri Hatland vald inn i styret.

Publisert: 23.05.2018 10:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22