Stenger ned Ekornes fabrikken for paaska
EKORNES: Mykje av årsaka til at Sykkylven toppar statistikken, er at Ekornes har permittert mange av sine tilsette. Allereie tysdag kveld stenger fabrikken produksjonen til over påska.
Nytt

Stenger ned Ekornes-fabrikken for påska

Sykkylven har no høgst arbeidsløyse i landet. Sjå tala for alle kommunar på Nordvestlandet.

Marius Rosbach
30.03.2020
Ifølgje nye tal frå NAV måndag er Sykkylven den kommunen i landet med høgst arbeidsløyse. Mykje av årsaka til at Sykkylven toppar statistikken, er at Ekornes har varsla permittering av 990 tilsette - og tysdag stenger produksjonen på fabrikken.
(Sjå tall for alle kommunar på Nordvestlandet under)
Nøyaktige tal for arbeidsløysa i kvar kommune kjem ikkje før seinare i veka, men ved utgangen av førre veke var det 22,5 prosent av arbeidsstokken i Sykkylven som hadde søkt om dagpengar i samband med permittering. I tillegg kjem vanlege søknadar om dagpengar.

Berre Trysil, Hemsedal og Hol like høgt

Av alle kommunar i landet er det berre i reiselivskommunane Hemsedal, Hol og Trysil at tilsvarande del av arbeidsstokken er blitt permitterte. Også her har meir enn 20 prosent søkt om dagpengar som følgje av permitteringar, men ingen ligg like høgt som møbelkommunen på sunnmøre, ifølgje NAV-tal publisert måndag.
Det er sendt ut varsel til 990 Ekornes-tilsette både i produksjonen og administrasjonen. For dei tilsette i produksjonen gjeld permitteringane frå tysdag, men ein god del av desse har truleg allereie søkt om dagpengar.
Sjølv om dei ikkje er gått ut i permisjon kjem dei difor med i statistikken allereie no, stadfestar NAV-direktør Stein Veland i Møre og Romsdal til NETT NO.

Les også:



(Sjå tall for alle kommunar på Nordvestlandet under)

Stenger møbelfabrikken

Allereie tysdag stenger Ekornes ned produksjonen på Ikornnes til over påske.
Hovudtillitsvalt Edvard Lie i fagforbundet Industri og Energi fortel at det per no er mykje usikkerheit mellom dei tilsette. Han har likevel ikkje noko å utsette på framferda til leiinga.
– Vi har hatt eit godt samarbeid og det har vore ein ryddig prosess. Folk vil gjerne ha jobbane sine att etter at koronakrisa går over ein gong i framtida. Men per i dag er det mykje usikkerheit kring når det skjer, fortel han til NETT NO.
Tysdag kveld stenger fabrikken på Ikornnes produksjonen for påska. Først på dagen tysdagen veit dei tilsette korleis planane vil sjå ut over påske. Men møbelprodusenten vil ha flest mogleg tilsette på jobb, dei dagane dei skal ha produksjon.

– Mest rettferdig

– Vi veit ikkje kor mange dagar i veka det blir produksjon, men vi har blitt samde om å køyre nokre fulle dagar og stenge fabrikken dei andre dagane i veka. Det er mest rettferdig og best økonomisk, seier hovudtillitsvalt Lie.
No kryssar Lie og kollegaene fingrane for at dei får også får meir arbeid.
– Vi håpar at det kjem inn nokre nye ordrar. Om vi ikkje hadde hatt denne virussituasjonen, ville ting truleg gått som normalt. No forsøker folk berre å halde humøret oppe, legg han til.
(Sjå tall for alle kommunar på Nordvestlandet under)

Les også:




2019-resultatet:


Oversikt permitterte i kommunane på Nordvestlandet


Kommune I alt Veke 11 Veke 12 Veke 13


Ålesund 3710 232 2428 1050
Sykkylven 919 12 227 680
Ørsta 523 32 381 110
Kinn 523 38 354 131
Stryn 497 34 366 97
Sula 496 31 301 164
Ulstein 468 24 288 156
Giske 446 33 291 122
Volda 429 24 283 122
Herøy 418 37 277 104
Stad 311 19 194 98
Hareid 247 17 139 91
Vestnes 207 11 143 53
Stranda 194 19 110 65
Gloppen 193 5 136 52
Fjord 98 9 74 15
Sande 88 8 57 23
Vanylven 56 * 40 14
* (færre enn 4)
Kjelde: (lenke til pdf-fil)

Publisert: 30.03.2020 12:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55