Startar salet av reiser med Fridtjof Nansen
SJØSETJING: Ekspedisjonscruiseskipet Fridtjof Nansen på sjøen for første gong.
Nytt

Startar salet av reiser med Fridtjof Nansen

Søndag vart ekspedisjonscruiseskipet Fridtjof Nansen sjøsett frå beddingen på Kleven. Hurtigruten startar no salet av reiser med skipet.

09.12.2018
- Ja, vi startar no salet for 2020/2021-sesongen, inkludert at vi lanserer nye ruter.
Det seier kommunikasjonsdirektør Rune Thomas Ege i Hurtiguten.
Blant anna er det no lagt ut ei 12 dagar lang reise til Antarktis, med start i Buenos Aires 17. november 2020.

- Stor interesse

Han opplyser at salet på reisene for søsterskipet Roald Amundsen har vore svært godt.
- Ja, den første turen 17. mai neste år frå Lisboa er utseld. Det same med første turen frå Hamburg seinare i mai.
- Interessa for å reise med desse nye ekspedisjonscruiseskipa er svært stor.

530 passasjerar

Fridtjof Nansen skulle eigentleg inn i trafikk alt i 2019/2020-sesongen, men forseinkingar har ført til at skipet er utsett og Midnatsol overtar ekspedisjonsturane til Antarktis i påvente av ferdigstilling av Fridtjof Nansen.
Skipet er 140 meter langt, 23,6 meter breidt og 29 meter høgt.
Om bord blir det plass til 530 passasjerar og eit mannskap på 151.

Hybridskip

Skipet er likt søsterskipet Roald Amundsen, og vil ha hybridteknologi med store batteripakkar om bord.
Skipa er bygde slik at pakkane kan doblast.
Skipa får høg komfort, der det blant anna vert tre restaurantar og masse ekstra utstyr til ekspedisjonsreiser, blant anna undervassdroner, kajakkar og mindre fartøy for å frakte passasjerane mellom båten og land.
Om bord i skipa vil det på kvart cruise vere eit ekspedisjonsteam, som vil bestå av spesialistar, forskarar og eventyrarar.
Hurtigruten opplyser at alle har med seg stor kunnskap og erfaring og kjem til å vere guidar og lære passasjerane meir om sikkerheit, berekraft og vitskap.
Interessa for å reise med desse nye ekspedisjonscruiseskipa er svært stor

Publisert: 09.12.2018 17:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29