Startar ryddeprosessen etter hotellbrannen
FØR BRANNEN: Storparten av hotellet er heilt øydelagt og branntomta må ryddast før tomta kan brukast. No har kommunen tatt intitiativ for å kome ut av ein fastlåst situasjon. 
Nytt

Startar ryddeprosessen etter hotellbrannen

Selje kommune vil ha prislappen for å rydde branntomta etter brannen på Selje Hotell opp på bordet.

10.11.2017
Kommunen har bestilt ein rapport over kva som må gjerast og kva det vil koste å gjere hotelltomta klart til bygging.
Rapporten kan vere klar i neste veke, seier ordførar Stein Robert Osdal i Selje.
Hotellet brann sist vinter, og to av eigarane er dømde for brannstifting eller medverknad til brannstifting i tingretten. Dommen er ikkje rettskraftig.

Konkurs

Etter brannen vart hotellselskapet slått konkurs, og sidan har branntomta ligge der utan at noko er blitt gjort.
Ei investorgruppe som vurderte kjøp og nybygg trekte seg, mellom anna på grunn av uvissa rundt kostnadane med å rydde og rense opp etter brannen.

Vil ha dialog

Selje-ordføraren seier kommunen ikkje har tatt noko avgjerd om kva som skal gjerast etter at rapporten ligg på bordet, ut over at kommunen vil ta inititativ til å kome ut av den fastlåste situsjonen. Målet er å få ein nytt hotell på plass.
- Vi må gå i dialog med ei rekke partar for å kome i mål, seier Osdal.

Publisert: 10.11.2017 09:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15