Startar nytt selskap etter Kleven exit
DIGITALISERT PRODUKSJON: Hos Kleven arbeidde Tore Roppen mellom anna med å automatisere sveisearbeidet. No skal han jobbe med automatisering for heile næringslivet.
Nytt

Startar nytt selskap etter Kleven-exit

Tore Roppen går inn i automatiseringsbransjen med nytt selskap. Tilsette blir medeigarar.

21.09.2018
Tidlegare i år slutta Roppen som innkjøp- og produksjonssjef i Kleven.
Frå første oktober er han og fem andre tilsette i sving i selskapet Prodtex as i Ulsteinvik. Frå årskiftet er dei oppe i åtte tilsette.
Selskapet skal arbeide på to felt, å hjelpe bedrifter å gjere digitale konstruksjonsteikningar klare for å matast inn i produksjonssystem og å utvikle og eventuelt også overvake og fjernstyre automatiserte produksjonsceller.

- Vi skal jobbe med digitalisert produksjon, seier Roppen.
Spesialiteten blir å gjere informasjonen i konstruksjonsteikningar klare for produksjon. Det er ein tidkrevande prosess som Prodtex skal arbeide med å gjere raskare.

Svensk alliert

Roppen blir dagleg leiar i startfasen. Tilsette blir majoritetseigarar og svenske Prodtex ab blir med som aksjonær etter ein emisjon på cirka fem millionar kroner.
Det svenske selskapet har mellom anna hatt eit langt samarbeid med Klevenkonsernet i å utvikle automatisert sveising.

Til sjøsida

Dei tilsette er folk som kan automasjon og har konstruksjonserfaring, seier Roppen.
Firmaet flyttar inn i lokale på sjøsida i Ulsteinvik sentrum.

Publisert: 21.09.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26