Startar nettverk for cruisemarknaden
INVITERER: Daglig leder Oddbjørn Hatløy inviterer til ny cruisesamling i februar. Vil sende delegasjon frå Nordvestlandet til verdas største cruisemesse i 2019.
Nytt

Startar nettverk for cruisemarknaden

Rundt 120 deltakarar var med på cruisekonferansen i Ålesund i dag. No blir det etablert eit nettverksamarbeid mellom bedrifter som vil bli leverandørar til cruiseskip. 

11.01.2018
Invitasjonen til å bli med i det nye nettverksamarbeidet blir sendt ut allereie i dag, og første samling av nettverket blir i februar.
Målet er å få med ein delegasjon frå Nordvestlandet til den internasjonale cruiseindustri-messa SeatradeCruiseGlobal i Miami våren 2019.

Må samarbeide

Aktørar frå både cruiseindustri og verft hadde innlegg på konferansen i dag. Målet er mellom anna å vise fram potensialet i denne marknaden også for alle andre ein verft og motorprodusentar.

Konferansevert og dagleg leiar for klyngeorganisasjonen Norwegian Rooms, Oddbjørn Hatløy, seier han ble enda meier overtydd om behovet for samarbeid i løpet av konferansen. Norwegian Rooms er klyngeorganisasjonen for norsk møbel- og innreiingsindustri.
-Eg er blitt mykje meir sikker på at om den norske design- og leverandørindustrien skal lukkast stort (i cruisemarknaden, red. merk) så må det meir nettverksamarbeid til, seier Hatløy.

Dele kunnskap

Gjennom cruisenettverket skal bedriftene som er med dele kunnskap, utvikle idear og stå sterkare ved å opptre felles i internasjonal marknadsføring.
Cruisemarknaden er i vekst, og dei cruiseskipsoppdraga som norske verft så langt har dratt i land er berre starten på noko som kan bli mykje større var hovudbodskapen frå cruise-selskap og cruiseanalytikarar på konferansen.

Publisert: 11.01.2018 16:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17