Startar nedbemanninga ved Maritim Food
KAN BLI NEDLAGT: Fiskematfabrikken i Gjerdsvika (bilde) er ein del av Insula-konsernet. Anlegget har nettopp mista oppdraget med å levere fiskemat til Norgesgruppen og 40 arbeidsplassar er i fare. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Startar nedbemanninga ved Maritim Food

Selskapet som kapra eit større oppdrag frå Gjerdsvika-bedrifta, overtek om kort tid dei første delane av leveransen.

Marius Rosbach
22.04.2019
Det brenn framleis eit blått lys for til saman 40 arbeidsplassar ved Maritim Food i Sande.

Flyttar to største produkta

Allereie neste veke er det planlagt at delar av produksjonen som Gjerdsvika-bedrifta mista, vert flytta over til den nye leverandøren, opplyser dagleg leiar Jan Brevik i Maritim Food til NETT NO.
– Den nye leverandøren Unil har valt, skal begynne å levere dei to største fiskekakeprodukta. Det vil få konsekvensar for talet på tilsette, påpeiker han.
Det er planlagt at den nye leverandøren tek over den resterande produksjonen av kjølt fiskemat frå Maritim Food kring slutten av august.
Leiinga har forsikra om at dei gjer alt i si makt for å finne anna arbeid som kan sikre jobb for flest mogleg av dei om lag 40 tilsette.
– Det er lite nytt å fortelje om gode alternativ per no, ifølgje Brevik.
Les meir:

Mista stor kontrakt

I førre månad vart det kjent at fiskematbedrifta.
Oppdraget som stod for om lag 65 prosent av produksjonen i Gjerdsvika, gjekk til ei Lerøy-bedrift i Stamsund.
Norgesgruppen har opplyst til NETT No at den dominerande konkurransesituasjonen for Insula, som blant anna eig fiskemat-merket Lofoten, var årsaka til at gruppa skifta leverandør.

Har bedt om møte

Bedrifta er eit dotterselskap av Insula, og Sande kommune har nyleg bedt om eit møte med konsernleiinga der for å diskutere kva som kan gjerast.
Etter det NETT NO forstår, er Insula-sjef Sigvald Rist på ferie og har førebels ikkje svart på invitasjonen frå kommunen og ordførar Dag Vaagen.
Vaagen opplyste til NETT NO før påske at meir om den maritime og marine aktiviteten som er i området – og særskilt om den tilrettelegginga som no vert gjort gjennom den omfattande hamneutbygginga i Gjerdsvika.
– Ein delegasjon frå Sande kommune vil kunne møte på avtalt stad på relativt kort varsel, heiter det i brevet.

Fryktar totalslakt

Dei tilsette i Gjerdsvika har frykta ei fullstendig nedlegging ved at også restproduksjonen som ikkje gjekk til Norgesgruppen også vert avvikla eller flagga ut, som produksjon av fiskebollar til Danmark og produksjon av makrell i tomat til Baltikum eller Polen.
Bedrifta har vore den einaste norske produsenten av makrell i tomat.
Det er lite nytt å fortelje om gode alternativ per no

Publisert: 22.04.2019 19:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:34