Startar lineeignesentral for aa faa meir raastoff
LINE: Fiskekjøpar Raymond Moltu har saman med fiskeseljar Nick Are Skorpen på Mathilde starta opp tilbod med lineeignesentral ved Marine Sales i Stoksund.
Nytt

Startar lineeignesentral for å få meir råstoff

For å skaffe meir råstoff til Marine Sales i Stoksund, får no linefiskarar tilbod om å hente stampar med ferdigegna liner.

12.03.2019
- Vi måtte finne på noko for å meir og jamnare tilgang til råstoff, seier dagleg leiar Raymond Moltu ved Herøy-bedrifta.
Han har alliert seg med linefiskar Nick Are Skorpen på båten Mathilde.
I fjor vart det gjort ein test med linefiske på Mebotnen og andre lokale bankar.
- Det vart ein kanonsuksess. Mathilde fiska for ein million på fem veker.
- Det var mest hyse, men også lange, lyr og litt torsk, seier Moltu.

Kjem båt frå Finnmark

No er tilbodet i ferd med å verte formalisert gjennom oppstart av ein eigen lineeignesentral.
Fleire andre båtar har også kome til som Janson, Tono, Sara og Signald.
- Etter påske har vi fått beskjed om at ein 50-foting frå Finnmark kjem hit for å drive linefiske, seier Moltu.
- Normalt er det båtane herfrå som er i Finnmark og andre stader og driv linefiske, så dette er noko nytt.

1,5 time på stampen

Hittil har ein operert med rundt 30 stampar med 415 krok i kvar, men Moltu seier at dette skal utvidast.
Han seier at det ikkje er vanskar med å få tak i dyktige lineeignarar.
- Dei beste brukar berre 1,5 time på ein stamp.
Han seier at det uansett er viktig at båtane bind seg til å drive fiske for ein periode, soik at ein veit kva ein har å forhalde seg til.

Bølgjedal

Satsinga er eit resultat av at det har minka med råstoff på Møre, spesielt ettersom dei fleste sjarkfiskarane tek torskekvoten nordpå.
Siste åra har det også vore lite sei, men der har det vore eit blaff siste vekene.
Det vart også i år lite sild som trekte heilt sør til Møre, og det vesle som var stoppa nord for Breisund-djupet.
- Vi har vore nede i ein bølgjedal på Møre, men no ser vi at det er ein del ungdom som på nytt satsar på kystfiske. Det er veldig oppløftande, seier Moltu.
Det vart ein kanonsuksess. Mathilde fiska for ein million på fem veker

Publisert: 12.03.2019 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32