Starta paa storordre for Fjord1
HAR MYKJE JOBB: Førre veke starta Vegsund Slip opp med det første Fjord1-oppdraget. Verftet er allereie sikra arbeid det meste av hausten.
Nytt

Starta på storordre for Fjord1

Tre ferjekontraktar er mellom oppdraga som sikrar arbeid i uvanleg lang tid framover for Sula-verft.

Marius Rosbach
02.09.2019
Nyleg kunne NETT NO fortelje om dei siste åra. Men også framover er det godt med arbeid.
Reparasjons- og ombyggingsverftet har god ordreinngang utover hausten, og har allereie starta å førebu prosjekt for neste år.
– Det er ikkje ofte vi har så lang horisont, seier dagleg leiar Kristian Drønnen til NETT NO.

Ombygging på tre ferjer

Fjord1 har hatt ute på anbod ein rekke prosjekt i tillegg til alle nybygga dei held på med. Tre av kontraktane har hamna på Vegsund. Førre veke starta dei opp på den første jobben.

– I volum er desse jobbane store for oss, seier Kristian Drønnen vidare.
Han og Stian Drønnen er 3. generasjon som leiar den daglege drifta ved verftet. Men den eldre generasjonen er framleis i leiargruppa, påpeiker dei.
– MF Geiranger skal byggjast om med ny motor. Det er ein tilsvarande jobb vi har gjort på Fjord1-ferja MF Solskjel og Norled-ferjene MF Os og MF Kvam, tidlegare. I tillegg skal MF Stordal byggjast om med renseanlegg for eksos og MF Sykkylvsfjord skal byggjast om med universell utforming, fortel Kristian Drønnen.

Les også:



– Perfekt plassert

Modernisering av brønnbåtflåten og elektrifisering av ferjene har vore mellom marknadene som har gitt mykje jobb dei siste åra. Samstundes har investering i ny dokk i 2014, gitt verftet eit breiare spekter med kundar.
Fetrane Drønnen meiner også plasseringa på Vegsund er ein fordel for dei.
– Fleire kundar kjem til oss at den grunn. Vi meiner at vi er perfekt plassert i forhold til Brevika, området her og bedriftene på søre Sunnmøre, seier Kristian.

Følgjer spent med på Kleven


Sjølv om verftet ikkje bygger nytt, har verksemda betydelege ringverknader i lokalsamfunnet. Ei rekke lokale bedrifter har folk i arbeid på dei ulike prosjekta.
– Zenith Elektro er mellom dei som har eiga rigg på anlegget, men det er også folk frå Isowest og Optimar som jobbar her no for tida, sier Kristian Drønnen.
– Det er jo slik den maritime klynga fungerer med at arbeid hos nokre, spreiar seg til andre, seier Stian Drønnen og påpeiker at bedriftene er avhengige av kvarandre.
Begge følgjer til dømes spent med på kva som skjer på andre sida av Breisundet med Kleven.
– Det er trist for den maritime klynga om verftsindustrien i denne regionen byggjast ned, seier Stian.

Les også:





Vi meiner at vi er perfekt plassert i forhold til Brevika, området her og bedriftene på søre Sunnmøre

Publisert: 02.09.2019 09:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38