Starta med 50 millionar har passert fem milliardar
ÅLESUND: Jan Magnus Kleven og Bunker Oil aukar raskt i omsetning, og styrer mot seks milliardar kroner i år.
Nytt

Starta med 50 millionar - har passert fem milliardar

Jan Magnus Kleven har tatt 100-gangaren etter at han overtok Bunker Oil i 1992. Han leier det norskeigde selskapet i nordvest med høgast omsetning.

11.07.2019
Bunker Oil passerte fire milliardar i 2017 og fem milliardar i fjor.
I år styrer selskapet mot over seks milliardar.
Trass i stadig nye omsetningsrekordar, er Kleven sjølv passeleg fornøgd med resultata.
- Det er ikkje omsetninga vi lever av, det er resultata. Dei ligg normalt på rundt ein prosent av omsetninga. Så pass må det også vere, seier Kleven.

Han har drive familieselskapet i 27 år, og starta i 1992 med rundt 50 millionar kroner i årleg omsetning.
- Om nokon hadde sagt då at vi skulle kome til å ha over 100 gongar meir i omsetning nokon gong, hadde eg ikkje trudd på det.

Størst i nordvest

Bunker Oil er dermed også det største norskeigde selskapet på Nordvestlandet målt i omsetning.
- Det er gledeleg, seier Kleven.
Trass i høg omsetning og store investeringar, har selskapet ikkje langsiktig gjeld.
Alle investeringar vert tatt over drifta.
- Om vi skulle tatt opp store lån, ville all fortenesten gått til banken. Slik kan vi ikkje drive, seier Kleven.

Planlegg nytt skip

No står nye store investeringar for tur ettersom det er kome nye forskrifter for tankanlegg. Dette betyr at det må byggjast nye oppsamlingskummar rundt tankane.
- Samla er dette ei investering på rundt 200 millionar kroner, seier Kleven.
I tillegg til Ålesund ligg tankanlegga fra Stavanger i sør til Kirkenes i nord, i alt 25 anlegg.
- Ingen andre har betre dekning av Norskekysten enn Bunker Oil, fastslår Kleven.
Av planlagde nyinvesteringar er også eit nytt tanskskip i regi av dotterselskapet Kystbunkers.
- Truleg vert dette skipet bygt i Tyrkia, seier Kleven, som opplyser at skipet vert på 490 bruttoregistertonn.

65 bensinstasjonar

Siste åra har Bunker Oil satsa stort på å byggje opp bensinstasjonar langs kysten, mange på mindre stader.
Totalt er ein no oppe i 65 stasjonar med tyngdepunkt i Møre og Romsdal, Oppland, Troms og Finnmark. I tillegg har datterselskapet i Bergen stasjonar i Hordaland og Rogaland.
Kleven seier at det skal byggjast to nye i år, men at ein truleg kjem til å vere forsiktig med nye utbyggingar.
- Det er hard konkurranse i bransjen.
- Spesielt rundt dei større byane merkar ein no godt konkurransen frå elbilar.
Han seier at selskapet har prøvd seg litt utanom kjerneområda, men merkar at ein sel best der namnet er kjent.
- Bunker oil er ikkje så kjend når ein kjem langt vekk frå kysten.

'Give and take'

Selskapet tente i fjor 111 millionar kroner i resultat før skatt, opp frå 60 millionar kroner frå året før. Den store auken skuldast i stor grad effekten av omstruktureringar i selskapet, blant frå gevinstar av sal av aksjar til morselskapet, Robust 1 og Bunker Eiendom.
- Det er ikkje store endringar i resultatgrad frå år til år. Det er stort sett 'give and take', seier Kleven.
Selskapet har rundt 45 eigne tilsette, i tillegg kjem tilsette i dotterselskap og tilknytta selskap.
Kleven seier at talet på tilsette veks gradvis.
- Det vert nok eit par nye i år også.
- Det er litt for mange som av og til må jobbe litt for lange dagar, så dette må vi gjere noko med, seier Kleven, som eig 100 prosent av Bunker Oil gjennom sitt eige selskap Robust 1.
Om vi skulle tatt opp store lån, ville all fortenesten gått til banken. Slik kan vi ikkje drive

Publisert: 11.07.2019 15:15

Sist oppdatert: 22.07.2021 14:29

Mer om