Stadyard kontrakter til 200 millionar
100-MILLIONARKLASSEN: Dei to fiskefarty Stadyard skal bygge vil gå delvis på batteri.
Nytt

Stadyard-kontrakter til 200 millionar

Skal bygge to not/snurrevadfarty.

19.05.2017
Fiskefartya er bestilt av fiskebåtreiarlaga Brødrene Bakken as i Nordland og Oddvar Strand as i Troms. Det første skal leverast hausten 2018, det neste i mars 2019.
Prisen er rundt 100 millionar kroner for kvart farty, i følgje Trond Berntsen i Oddvar Nes as.
Fartya er teikna av skipskonsulentselskapet Skipskompetanse i Måløy og skal byggast hos Stadyard i Måløy.
Begge blir bygd for å kunne sette inn batteripakkar for å kombinere rein batteridrift og fossilt drivstoff.
Det er søkt om støtte frå Enova til å finansiere å sette inn og ta i bruk batteripakkar.

Utviklingprosjekt

I tillegg til Skipskompetanse og reiarlaga har Stadt Towing Tank, Brunvoll Volda, konsulentselskapet Cowi og Elmarin vore med og utvikla skipa.
Målet med utviklingsarbeidet har mellom anna vore å minimere drivstoff-forbruket.
Fartya blir knappe 40 meter lange og har plass til eit mannskap på 11 fordelt på sju lugarar.

Publisert: 19.05.2017 16:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:10