Nett.no Logo
Mega menyMega meny

NETT.NO Abonnement

Registrér ein konto på vår næringsportal for 129,- pr mnd, og få tilgang på:

  • Unike artiklar om økonomi og næringsliv på Sunnmøre og i Nordfjord, som du ikkje finn i andre publikasjonar!
     
  • Tilgang på tenester som Nytt om Namn, Synspunkt og stilling ledig.
     

Med abonnement har du tilgang til NETT NO på alle digitale plattformer - du kan lese når du vil, kvar du vil og i det formatet som passar deg.

129,- pr. mnd.
Stadyard har arbeid over to år fram

AVTALE:  Svein Fagerbakke (Radek), Rolf Barstad (Rolls-Royce Marine), Agnar Lyng (Stadyard), Arild Sekkingstad (Radek), Malvin Silden (Stadyard), Per Ståle Nykrem (Rolls-Royce Marine) etter kontraktssignering mellom Stadyard og fiskebåtreiarlaget Nye Radek. 

Stadyard har arbeid over to år fram

Skal bygge fiskebåt for Austevoll-reiarlag og har nok ein kontrakt i ermet.

Skipsverftet Stadyard i Måløy skal bygge ein 47,7 meter lag fiskebåt for Austevoll-selskapet Nye Radek as.

Båten - bygg nummer 44 for verftet - blir utstyrt for å drive ringnot-, trål- og snurrevadfiske. Skroget blir bygd i Polen, kjem til Stadyard hausten 2019 og fartyet skal leverast sommaren 2020.

KOMBINASJON: Fiskebåten "Radek" blir 47,7 meter lang, 12,7 meter brei. Den er teikna av Rolls-Royce Marine.

Fartyet er designet og utvikla av Rolls-Royce Marine.

Nok å gjere
Kontrakten med Austevoll-reiarlaget betyr at dei 33 eigne tilsette og innleigde ved Stadyard har nok å gjere fram til Nye Radek får fartyet sitt.

I dag har verftet bygg nummet 40 i arbeid, ein fiskebåt at reiarlaget Kenfish. Den skal leverast i august i år.

Neste nybyggingsoppdrag er bygg nummer 41 og 42. Det to fiskebåtar for reiarlag i Nord-Noreg,

Les også: Stadyardkontrakter til 200 millionar 

Den siste av di skal leverast tidleg på vinteren 2019. 

Ei kontrakt til
I og med at verftet har gitt båten til Nye Radek as bygg nummer 44 betyr det at verftet har ei kontrakt til på handa, bygg nummer 43, som førebels ikkje er offentleggjort. 

Det er grunn til å tru at det oppdraget vil fylle tomrommet mellom bygg nummer 41/42 og 44, slik at Stadyard er sikra nybyggingsaktivietet fram til sommaren 2019. 

I tillegg til nybygg driv Stadyard og med reparasjonar og vedlikehald.

Siste artikler

Synst plast tek for mykje fokus

Geir Ove Ystmark i Sjømat Norge meiner forsuring og klimaendringar er vel så utfordrande som plastproblem i havet. Han møter motbør.

Opptur for rekeprodusent

Coldwater Prawns of Norway med overskudd igjen.  

Ferjemannskap med bekymringsmelding til direktoratet

Ferjemannskapet på strekninga mellom Hufthamar i Austevoll og Krokeide i Bergen meiner nye eigarar og nye bemanningsreglar set tryggleiken til passasjerane i fare. 

Fekk stor kontrakt på nye 'Geir'

Acel i Ålesund er tildelt kontrakt med Vaagland Båtbyggeri på leveranse og installasjon av hybrid framdriftssystem på norges største linebåt.

Brunvoll hankar inn kontraktar

Brunvoll skal levere plug-in hybridsystem til sightseeingbåten Brim Explorer, samt stor utstyrspakke til Hordalaks sin nye brønnbåt.

Lanserer sykkel-"tour" i Møre og Romsdal

Fjord Norge lanserer ei utfordrande rute saman med lokalt reiseliv.

NETT NO
Ansvarleg redaktør: Ogne Øyehaug
Ansvarleg redaktør: Kjetil Haanes
Dagleg leiar: Eirik Staurset

Utgivar:
Bakkar og Berg Media AS
Pb. 142
6099 Fosnavåg

Kontakt:
Redaksjon: redaksjon@nett.no / Tlf: 95 77 97 27
Annonse: annonse@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Abonnement: abonnement@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Tips: tips@nett.no

NETT NO arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine normer for god presseskikk og Tekstreklameplakaten sine normer for skilje mellom redaksjonelt stoff og reklame/sponsing. Alt innhald på NETT NO er opphavsrettsleg verna. NETT NO har ikkje ansvar for innhaldet på eksterne nettsider som det blir lenka til.