Stadfestar avtale
AVTALE: Etter eit halvt år med diskusjonar er Island Offshore nesten i mål med refinansiering av selskapet. Her er f.v. styreleiar Morten Ulstein, gudmor for Island Clipper Laila Bjerke, gudmor for Island Condor Linda Marie Vik, administrerande direktør i Island Offshore Håvard Ulstein og verftsdirektør Lars Ivar Bøe under en skipsdåp hos Vard Brevik 2013. Framme  står Mathias Ulstein.
Nytt

Stadfestar avtale

Island Offshore stadfestar framlegg til avtale med kreditorane. Eigarane skyt inn 100 millionar kroner i ny eigenkapital.

02.03.2016
Island Offshore Shipholding L.P. skriv i ei børsmelding i dag at det har blitt samd med ein avtale med nokre av sine viktigaste kreditorar og ei "ad hoc"-gruppe av obligasjonseigarane. Obligasjonseigarane har lånt selskapet 700 millionar kroner, og lånet forfell til betaling i april i år.
Island Offshore varslar at det vil sende ut ein ny melding om detaljane i refinasieringsplanen i løpet av februar. Den skal så godkjennast av alle partar, og Island Offshore presiserer i meldinga at selskapet ikkje kan garantere at planen blir godtatt.

Ny eigenkapital

Børsmeldinga er sendt ut etter at Dagens Næringsliv i går kveld melde at det var semje om eit framlegg til refinansiering, og at framlegget hadde stor oppslutnad hos kreditorane.

I følgje børsmeldinga innber planen at dagens eigarar skyt inn 100 millionar kroner i ny eigenkapital i Island Offshore.

7,5 milliardar

Medrekna obligasjonslånet har Island Offshore ei gjeld på 7,5 milliardar kroner.
Framlegget til avtalen innber reduserert avdrag, utsett fullstending tilbakebetaling av lån, ny eigenkapital inn, lette i lånevilkåra og endring i nybyggingsprogrammet. Det siste punktet inneber truleg at Island Offshoer får utsett levering av farty som er under bygging hos Vard og/eller i Japan.


I følgje Dagens Næringsliv blir full attendebetaling av alle lån, medrekna obligasjonslåner, utsett til hausten 2018.

Publisert: 02.03.2016 13:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:53