Staale Rasmussen Vil ha reaksjon mot spansk ordning
REAGERER: Spania har fått gjeninnført ei finansieringsordning som favoriserer spanske verft, etter at ei rekkje andre land fekk fjerna ordninga. No vil administrerande direktør Ståle Rasmussen (t.v) i Kleven-konsernet at bransjeorganisasjonen reagerer. Her er Rasmussen med statsminister Erna Solberg, styreleiar Kjersti Kleven og næringsminister Monica Mæland under eit besøk på verftet i 2014. 
Nytt

Ståle Rasmussen: Vil ha reaksjon mot spansk ordning

Kleven-sjef Ståle Rasmussen vil ha ein bransje-reaksjon på finansieringsordningar som favoriserer spanske verft. Blir styresak i morgon.

18.10.2016
- Vi er ikkje begeistra for at det finst ei ordning innanfor EU som fører til at norske verft taper kontraktsmoglegheiter, seier Ståle Rasmussen.
Han vil ikkje kommentere om Kleven-konsernet var mellom dei norsk verfta som var med i konkurransen om å bygge to trålarar til Grønland, men meiner bransjeorganisasjonen Norsk Industri Maritime snarast bør ta fatt i saka.
Oppdraga, på til saman over 700 millionar kroner, gjekk det spanske verftet Freire, og den spanske finansieringsordninga var ein del av vurderingsgrunnlaget då reiarlaga valde verft. Det stadfestar styreleiar Henrik Leth i Polar Seafood til NETT NO.

Opp i styret

Den såkalla tax-lease-ordninga gir investorar lette i formuesskatten i bytte mot at dei finansierer skip som blir bygd på spanske verft. Investorane eig skipet i tre år, i byggeperioden og ei stund etter at det er sett i drift, og leiger det vidare til den eigentlege kjøparen. Når treårsperioden er omme tek den eigentlege kjøparen over.
Spania hadde ei slik ordning før, men den blei fjerna etter internasjonalt påtrykk. I juli 2013 vedtok EU-kommisjonen at "tax-lease"-ordningen ikkje var lovleg, etter påtrykk frå fleire nasjonar, mellom dei Noreg.
I desember i fjor konkluderte EU-domstolen med at vedtaket ikkje var gyldig, og at det ikkje var snakk om ulovleg statsstøtte. Dermed blei den gjeninnført.

No vil Rasmussen ha finansieringsordinga opp i styret i bransjeorganisasjonen Norsk Industri Maritime.

Står på møteplanen

Rasmussen får oppfylt ønskje sitt allereie i morgon når styreleiar Odd Tore Finnøy i Maritim bransjeforening i Norsk Industri samlar styret.
- Ein ønskjer like vilkår med den ein konkurrere med. Vi skal ha styremøte i morgon og der blir dette tema, seier Finnøy.
Finnøy, som til dagleg er administerande direktør i Brunvollkonsernet i Molde, vil vente med å gi ytterlegare kommentarar til etter styremøtet.

Pessimist

- Vesentlig, sa Rolf Fiskerstrand på Fiskerstrand verft om betydnina av den såkalla "tax-lease" ordninga i Spania då NETT NO skreiv den første artikkelen om ordninga i august i år.

Fiskarstrand er pessimistisk til sjansen for å få oppheva ordninga på nytt, i og med at EU-domstolen har sagt ja, og i lys av den høge arbeidsløysa i Spania.
- Hvis det er godkjent i EU så er det nok ein heil jobb å få gjort noko med det, sa Fiskerstrand.
Vi er ikkje begeistra for at det finst ei ordning innanfor EU som fører til at norske verft taper kontraktsmoglegheiter

Publisert: 18.10.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:02