Spilka nedtur i fjor
MINUSÅR: Marknaden blei tøffare for Spilka i fjor.
Nytt

Spilka-nedtur i fjor

Etter tre år med vekst snudde det for Spilka Industri i fjor.

18.07.2018
Spilka Industri-sjef Eivind Aas sa allereie etter første halvår i fjor av 2017 blei tøffare enn 2016. Han anslo då at 2017 skulle ende omlag som i 2016, men fasiten viser at det vart tøffare utover hausten. Selskapet fekk ein nedgang i driftsinntektene på 6,9 prosent i 2017 og eit underskot før skatt på 7,8 millionar kroner (sjå tabell).
Spilka lagar vindusbeslag og aluminumsprofilar til sprosser og vindusbekledning, og tok i bruk ein ny produksjonshall for aluminiumsprofilar rett etter sommarferien i fjor.

Problemet pr. første halvår i fjor var Storbritannia, etter at folkerøystinga om EU-medlemskap førte til at kursen på det britiske pundet har falle.

Brexit-problem

Spilka leverer beslag til polske vindusprodusentar, som eksporterer til Storbritannia. Dei polske produsentane fekk ein stor nedgang i den britiske marknaden fordi deira varer er blitt dyrare der.

Lyspunktet er auka marknadsandelar.
I årsmeldinga for 2017 skriv Spilka Industri at: "Det har vært et krevende år med tildels kraftig nedgang i primærmarkedene. Til tross for dette har selskapet økt markedsandelene i vanskelige marked, og har valgt å gjennomføre planlagte investeringer for å står sterkt i fremtiden."
Spilka Industri er eigd av Knut Inge Stafset, Laila Kristin Stafset og Bjørn Stafset, gjennom selskapet Tasso. Selskapet sysselsette 61 årsverk i fjor.

Publisert: 18.07.2018 09:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24