Sperre ventar og ser paa 3 D utviklinga
FOR TIDLEG: 3D-printing av metallprodukt er førebels ikkje tema hos Sperre Industri. Utviklingsprosjekt fekk bedrifta til bestemme seg for å vente og sjå.
Nytt

Sperre ventar og ser på 3D-utviklinga

I dag er 3D-printing for dyrt til at Sperre Industri vil ta teknologien i bruk i produksjonen.

14.11.2017
Kompressorprodusenten på Ellingøya var med i eit nasjonalt prosjekt for utvikling av bruken av 3D-printing i produksjone av metallprodukt.
I fjor sa kvalitet- og HMS-sjef Stephen Balling i Sperre Industri at det tidlegast i 2018 eller 2019 kunne vere aktuelt å vurdere om teknologien kan takast i bruk.

Konklusjonen i dag er at 3D-printing av metallprodukt er alt for dyrt.

Erstattar ikkje CNC

- Vi ser førebels på 3D-printing som for dyrt til å drive industriproduksjon. 3D-printing vil aldri erstatte CNC-maskiner, seier Balling.
CNC-maskiner dreiar, fresar, borar og sliper eit metallprodukt av eit metallstykke.
- Vi skal ikkje vere dei som driv utviklinga av dette, seier Balling om bruk av 3D-printing i produksjonen.

Ventar og ser

Planen er å følgje med på utvikling, og ta teknologien i bruk i det er lønsamt for bedrifta.
Selskapet har ein liten 3D-printar for å lage produkt i plast, som mellom anna fungerer som eit treningsverkty i 3D-teknologi for CNC-operatørane i fabrikken.
Når 3D-printing blir tatt i bruk trur han det først og fremst vil vere aktuelt for å lagae deler til reparasjonar og reservedaler til eldre produkt som ikkje lenger er i produksjon.
3D-printing vil aldri erstatte CNC-maskiner

Publisert: 14.11.2017 16:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15