Spenning i kraftmarknaden
KRAFT: Mykje nedbør siste vekene har ført til lavare straumpisar, trass i problem både for oljeproduksjon og atomkraftverk. Her Tyssevatn.
Nytt

Spenning i kraftmarknaden

To uventa hendingar skipla marknadsbiletet frå time til time, men kraftprisen dalar.

17.09.2019
- Enkelte gonger kjem det nyhende som kan skiple marknadsbiletet frå ein time til den neste slik at marknaden gjer eit uventa byks.
- Dei siste dagane har vi hatt to slike nyhende, skriv kraftanalytikar Tor W. Havåg i Tussa sin vekesrapport.

Atomkraft-trøbbel

Den eine hendinga kom sist tysdag då frå franske EDF, den store statlege kjernekraftprodusenten, om at det var avdekt tekniske avvik i komponentar som vert nytta i dampturbinane i kjernekraftverka.
- Potensielt kunne dette gjelde 20 franske kjernekraftverk. Denne meldinga løfta den tyske kraftkontrakten for 2020 med heile 2,7 euro tysdag, medan den nordiske 2020 kontrakten steig 1,15 euro, skriv Havåg.
Han viser til at kvoteprisen steig markant, og både gass og kolprisar vart tydeleg påverka av denne meldinga. Utover veka vart problema forsøkt avdramatisert av EDF, men kvar dette endar er framleis uavklart og opp til fransk strålevern.

Slo ut oljeproduksjon

Den andre hendinga skjedde laurdag då to oljeterminalar i Saudi Arabia vart råka av luftåttak, tilsynelatande frå Jemen. Åttaket slo ut omlag 5 prosent av verda sitt oljetilbod, og det vil gå veker før produksjonen er normalisert. Oljeprisen steig 10 prosent.
- Oljeprisen er ein sentral indikator for alle energimarknader, inkludert kraft. Dieselprisen er også ein stor innsatsfaktor i all koldrift, og slik sett slår olje også meir direkte inn.
- Marknaden prisar også inn frykt for at denne konflikten kan eskalere, skriv Havåg.

Mykje nedbør

Desse to hendingane er likevel langt på veg nøytraliserte for nordisk kraft for fronten av priskurva.
- Vi er no inne i ein langt våtare trend enn i sommar. Det vert levert godt med nedbør, og berre i helga fekk vi totalt 5 TWh, som er langt over normalen.
- Produkta for hausten og vinteren går difor ned.
Tussa opererer no med ein fastpris for 4. kvartal på 40,8 øre(kWh, og for 2020 på 40,16 øre/kWh.
Spotprisen i veke 36 var på 35,5 øre/kWh, i veke 37 på 31,8 øre kWh.
Vi er no inne i ein langt våtare trend enn i sommar. Det vert levert godt med nedbør

Publisert: 17.09.2019 16:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39