Sparer store summar paa mindre reising
MYKJE SPART: Kongsberg Maritime er mellom dei mange bedriftene som har fått lågare reiseutgifter som følgje av pandemien, stadfestar kommunikasjonssjef Anette Bonnevie Wollebæk. 
Nytt

Sparer store summar på mindre reising

Koronapandemien gir også store kostnadskutt. Kongsberg Maritime er ikkje noko unntak.

Marius Rosbach
21.01.2021
Norske bedrifter bruker fleire milliardar mindre på reiseutgifter som følge av koronapandemien. I fjor blei talet på jobbreiser reduserte med nesten 40 prosent.
Kongsberg Maritime er mellom dei som har spart store beløp på mindre reiser og fleire digitale møter. Kommunikasjonssjef Anette Bonnevie Wollebæk fortel til NETT NO at reiseutgiftene stupte også for dei i 2020.
– Generelt sett har vi langt lågare reiseutgifter, som gir eit positivt bidrag til lågare kostnader totalt. Det gjeld ikkje berre reiser inn og ut av Norge, men over reiser våre tilsette gjer mellom land i andre delar av verda, opplyser ho i ein e-post til NETT NO.
Også innanlandsreiser er det langt færre av for tida, ifølgje Wollebæk.
– Dei som reiser over landegrensene no, gjer det fordi det er forretningskritisk. Dei er ute på oppdrag for kundane våre, og dei fleste er serviceingeniørar, fortel ho.

123 på reise – mot vanlegvis 300-500

Sidan Kongsberg Maritime er børsnotert, kan ho ikkje opplyse konkrete tal i kroner og ører for innsparinga. Reisetal frå ein tilfeldig dag no i januar illustrerer likevel godt skilnaden, då hadde selskapet 123 tilsette på reise.
Wollebæk fortel at dei på ein vanleg dag før koronapandemien gjerne hadde 300 til 500 internasjonale reisande.
Ho anslår samtidig at sparte reiseutgifter langt overstig utgiftene til smitteverntiltak for deira del.

Milliardar spart på overnatting, bilbruk og diett

Eit anslag frå selskapet Simployer viser at fleire bransjar sparte store summar på redusert reiseaktivitet i fjor. Dei har sett på tala norske arbeidsgivarar har rapportert for diett og kilometergodtgjersle.

Utvikling frå 2019 til 2020 viser at nedgangen i utbetalt diett for overnattingsreiser var 45 prosent, medan nedgangen i utbetalt diett for dagsreiser og utbetalt kilometergodtgjersle for bil var på høvesvis 39 og 30 prosent.
Totalt sett gir det ei innsparing på 2,76 milliardar kroner for desse tre ytingane åleine. Reknestykket inneheld ikkje utgifter til flyreiser og andre utgifter som arbeidsgivar gjerne dekkjer.
Reknar ein med reduksjonen i slike utgifter, er det grunn til å anta at det sparte beløpet blir mangedobla, opplyser selskapet ifølgje NPK.

Har spart på meir enn reising

For Kongsberg Maritime sin del er det også ein rekke andre kostnader som har gått ned sidan koronapandemien slo til.
– Det er fleire forhold enn reising som bidreg til at vi har et lågare kostnadsnivå no enn for eitt år sidan. Det handlar om kultur for å sette tæring etter næring. 2021 blir dermed et spennande år med tanke på ordreinngang, fortel Wollebæk.
Selskapet har fleire år med større reduksjonar i arbeidsstokken bak seg. Kommunikasjonssjefen fortel at dei ikkje har hatt nokre større endringar i bemanninga i det siste – og det er heller ikkje planlagt framover.
Dei fleste permitterte er no også tilbake i arbeid.
– I store organisasjonar som vår er det jo alltid nokon som flyttar på seg her eller der, team som får ny rapportering, justerer retning, deles og slås saman, men det er å rekne som «business as usual», opplyser Wollebæk
– «Change is the new normal», heiter det vel, avsluttar ho.

Publisert: 21.01.2021 09:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:12