Sparer drivstoff med venge
FART OG STABILITET: Vengen til Wavefoil blir trekt inn i skroget i stille sjø. I bølgjer gir den lettare og rolegare gange, som også gjer det råd å halde større fart. 
Nytt

Sparer drivstoff med venge

Ein venge i baugen kuttar drivstoffbruken mellom fem og 15 prosent i ruskete sjø, viser Wavefoils eigne berekningar.

02.12.2020
Tre båtar, eit kombinert bil og passsjerfraktfarty, eit sightseeingfarty og ein ambulansebåt har så langt tatt Wavefoil si oppfinning i bruk. På bil og passasjerferja vart vengen bygd inn i eit eldre farty, medan både sightseeing- og ambulansebåten vart levert nye med vengar på, frå Martime Partner i Ålesund.
I bølgjer vert vengen folda ut. Den gir rolegare gange, og dermed høve til å halde større fart i dårleg ver.
Loppa Legeskyssbåter har nettopp fått overlevert ein ambulansebåt med Wavefoil.
- Det funkar veldig bra, seier dagleg leiar Mats Martinsen.

Sparer drivstoff

I tillegg til at ambulansebåten går meir behagleg og raskare gjennom bølgene skal vengen også spare drivstoff.
Wavefoil er eitt av selskapa som presenterer teknologien sin på webinaret i regi av ÅKP i dag, onsdag 2. desember, der også batteri-og hydrogenteknologi blir presentert.
Trond Skodjevåg Bø, som etter åtte år i Ulstein Group, byrja som salssjef i Wavefoil 1. november i år , seier Wavefoil sine eigne berekningar viser at drivstoffbruken blir redusert med mellom fem og 15 prosent når vengen er i bruk. Det er ein konsekvens av at vengen både gir lettare gange og bidrar til framdrift i bølgene.
Førebels har ikkje selskapet gått ut med nøyaktige testresultat på energisparings-potensialet. Det kjem først når ytterlegare testar er gjort, seier Skodjevåg Bø.

Søkjer etter folk og fabrikk

Skodjevåg Bø sjølv har kontor i Ulsteinvik, dei tilsette har base i Trondheim og kontor i Oslo.
No er selskapet på jakt etter ein automasjonsingeniør. Kvar arbeidstaden blir kjem av på kven som får jobben, men Skodjevåg Bø skulle gjerne sett at det kom ein søkjar som vil ha base på Sunnmøre.
Hittil har Wavefoil har fått laga vengane spesielt til kvart farty. Slår produktet an blir det ein industriell produksjon, der også bedrifter på Nordvestlandet har vist interesse, ifølgje Skodjevåg Bø.

Publisert: 02.12.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:06