Sparer arbeid med sertifikat
MED SERTIFIKAT: Operasjonssjef Robert Søviknes og dagleg leiar Even T. Remøy i Volt Service.
Nytt

Sparer arbeid med sertifikat

Volt Service har fått godkjenningsstempel på at selskapet jobbar trygt og ansvarleg. Det sparer kundane for arbeid.

30.09.2020
Mange av kundane til oppdrettsselskapa vil at oppdrettarane kan dokumentere at oppdrettsverksemda foregår innanfor reglar og retningsliner for mellom anna tryggleik i produksjonen, helsetryggleik, dyrvelferd, miljø og effektiv utnytting av ressurane.
Den dokumentasjonen kan oppdrettarane få ved å bli sertifisert etter den såkalla GLOBAL G.A.P IFA akvakultur standarden.
Det handlar om heile oppdrettsproduksjonen, frå fôr til tallerken, og for å få sertifikatet må også oppdrettane sørge for at underleverandørane er sertifisert.
No har Volt Services i Herøy, som driv bløggebåtar og arbeidsbåtar for oppdrettsnæringa, sjølv skaffa seg sertifikatet, melder selskapet i ei pressemelding.
Utan dette sertifikatet måtte kvart einskild oppdrettselskap sjølv sertifisere Volt Services, ein jobb som tok to dagar i følgje Even T. Remøy i Volt Service. No slepp dei den jobben.
Det er DNV GL som gjennomfører sertifiseringa.

Publisert: 30.09.2020 14:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03