Nytt
Spansk storeigar aukar i Ekornes
Passerer 10 prosent eigarskap i møbelkonsernet.
21.09.2017
Fond styrt av spanske Alantra Asset Management kjøpte 20. september til saman 123.923 aksjar i Ekornes og eig no 10,28 prosent i selskapet.
Atlantra-fonda er tredje største aksjonær i selskapet og kjøpte seg inn i Ekornes i 2013, og sat før dei siste kjøpa med like i underkant at 10 prosent av aksjane.
Alantra kjem ikkje fram i oversikta over dei 20 største aksjonærane i Ekornes, fordi aksjane er sine gjennom fleire såkalla nominee-konti, men måtte no flagge eigarposten etter å ha passert grensa på 10 prosent.
I 2013, då fonda kjøpte seg stort opp varierte kursen på Ekornes-aksjar mellom 105 og 82 kroner pr. aksje. Gitt at gjennomsnittskursen ved oppkjøp er midt i mellom og med utgangspunkt i gårsdagens aksjekurs på 111,5 kroner, har Alantra pr. i dag ei verdistiging på knappe 20 prosent, i tillegg til at fonda fekk vere med på utbytteutbetalinga på 921 millionar i år.
Atlantra-fonda er tredje største aksjonær i selskapet og kjøpte seg inn i Ekornes i 2013, og sat før dei siste kjøpa med like i underkant at 10 prosent av aksjane.
Dukka opp på generalforsamling
I vår dukka representantar for Alantra opp på generalforsamlinga i selskapet for første gang.Alantra kjem ikkje fram i oversikta over dei 20 største aksjonærane i Ekornes, fordi aksjane er sine gjennom fleire såkalla nominee-konti, men måtte no flagge eigarposten etter å ha passert grensa på 10 prosent.
God gevinst
Ekornes-kjøpte har vore ei god investering for Alantra-fonda.I 2013, då fonda kjøpte seg stort opp varierte kursen på Ekornes-aksjar mellom 105 og 82 kroner pr. aksje. Gitt at gjennomsnittskursen ved oppkjøp er midt i mellom og med utgangspunkt i gårsdagens aksjekurs på 111,5 kroner, har Alantra pr. i dag ei verdistiging på knappe 20 prosent, i tillegg til at fonda fekk vere med på utbytteutbetalinga på 921 millionar i år.
Publisert: 21.09.2017 11:06
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:14