Spaar vekst men ingen ny gullalder
ANALYSE: Seismikk var einaste offshoresektoren som hadde omsetningsvekst i 2017, her representert ved Gjerdsvik-skipet Sanco Sword, som no er i arbeid for Ulstein-baserte Axxis Geo Solutions. Rystad Energy spår vidare vekst i seismikk, men at dei andre sektorane vil følgje gradvis etter frå 2019.
Nytt

Spår vekst - men ingen ny gullalder

Rystad Energi er optimistiske for offshorebransjen på litt sikt, men ein vil likevel liggje langt bak toppåret 2014.

14.11.2018
Med unntak av seismikk, vil det vere omsetningsfall i alle andre offshoresektorar i 2018, men i 2019 vil den globale veksten vere på seks prosent og i 2020 på elleve prosent.
Likevel vil ein i 2020 liggje 33 prosent bak toppåret 2014, då det globalt vart omsett for 300 milliardar USD.
Dette spår Rystad Enegy i rapporten "Internasjonal omsetning fra norske oljeserviceselskaper", som er bestilt av Olje- og energidepartementet.
Rystad har sett på 1.100 norske selskap, der 315 av desse har internasjonal omsetning.
Totalt var den internasjonale omsetninga for desse selskapa i 2017 på 100 milliardar kroner, heile 25 prosent mindre enn året før.

Storbritannia på topp

Klart største marknad var Storbritannia med 22 milliardar, som likevel var 13 prosent lavare enn året før.
Deretter kom Brasil med 14 milliardar (minus 27 prosent) og USA med åtte milliardar (minus 27 prosent).
I rapporten blir det slått fast at seismikk er på veg opp. Her hadde TGS heile 33 prosent vekst i 2017, medan PGS hadde åtte prosent vekst.
Norske seismikk-selskap hadde internasjonal omsetning på ti milliardar kroner, mot 9,6 milliardar i 2016.
Klart størst var likevel subsea med 24 milliardar kroner, som likevel var seks milliardar kroner mindre enn i 2016.

Kongsberg og Rolls-Royce

Aker Solutions er det klart største selskapet, men mellom dei tjue største finn ein også fusjonskameratane Kongsberg Gruppen og Rolls-Royce Marine, samt offshoreseslskapet Solstad.
Når det gjeld geografisk fordeling er Europa størst.
Framover forventar Rystad Energy at Vest-Europa vil vere sterkt også dei neste åra.
Derimot meiner ein at det vert fallande omsetning i Vest-Afrika, medan Sør-Amerika vil kome inn med større tyngde.

Publisert: 14.11.2018 15:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:28