Spaar tilbakeslag innan 18 maanadar
KONTANTAR: Mindre aksjar og meir kontantar er eit godt trekk for å møte ein nedtur i økonomien, meiner valutastrateg John J. Hardy i Saxo Bank.
Nytt

Spår tilbakeslag innan 18 månadar

Aksjeinvestorar bør bu seg på fall i marknaden, større svingingar og meir uvisse.

25.04.2018
Det er spådommen frå John J. Hardy, valutastrateg i Saxo Bank. Tilbakeslaget vil kome innan 18 månader.
Ei langvarig oppgangsperiode, spesielt i USA, går mot slutten, ventar han. Det er snakk om ei normal svinging i ein økonomisk syklus, med mindre tilgang på billege lån som viktig drivkraft for å gjere slutt på oppturen.

Faresignal

Tre moment kan forsterke ei negativ utvikling, etter Hardy si vurdering, og gjer at han rår investorar til å vere ekstra på vakt:
Sentralbankar og styresmakter har færre reiskap i ty til for på stimulere økonomien ved ein ny nedtur. Sentralbankane har allereie kutta renta til svært lave nivå og statar når ei grense for kor mykje offentlege midlar som kan brukast for å stimulere økonomien.
Fare for handelskrig, utløyst av proteksjonistiske tiltak frå USA.
Kinesiske styresmakter strammar litt inn på kreditten og reduserer veksttakten i kinesisk økonomi. Det betyr i sin tur mindre drahjelp internasjonalt - der Kina har vore ein viktig motor i verdsøkonomien sidan finanskrisa 2007/2008.

Kontantar

Hardy møtte ei gruppe investorar i Ålesund førre veke, i samband med eittårsmarkeringa for opninga av finansmeklarforetaket Multi Markets sitt kontor på Nordvestlandet. Saxo Bank er samarbeidspartnar med Multi Markets.

Med den utviklinga Hardy ser for seg er rådet han gir til investorar no å plassere meir av investeringane sin kontantar eller kontantliknande instrument på bekostning av aksjar.

Over 25 millionar

Då Multi Markets opna kontoret i Ålesund i fjor sa dagleg leiar Roy Aasen Molvær at målet var å ha kundar som har hadde investert til saman mellom 25 og 30 millionar kroner gjennom selskapet innan året er omme.
Det målet er nådd, og Molvær anslår at Ålesundskonotret i dag har over 30 kundar. Multi Markets har spesialisert seg på valutmarknaden og over 80 prosent av investeringane kundane har plassert gjennom selskapet er i valutamarknaden.

Publisert: 25.04.2018 09:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:21