Spaar rakettvekst for hydrogen
FINANSOPERASJON: Utskillinga og børsnoteringa av datterselskapet Hexagon Purus har gitt konsernsjef Jon Erik Engeset og finansdirektør David Bandelee i Hexagon Composites ein omfattande jobb med å få alle formalitetar på plass. Målet er børsnotering av Hexagon Purus frå årsskiftet.
Nytt

Spår rakettvekst for hydrogen

Hydrogen Purus skal bli eit mangemilliardar-selskap innan 2025.

19.11.2020
Det skriv selskapet i ein presentasjon før børsnoteringa.
Hexagon Composites i Ålesund skal skille ut og børsnotere datterselskapet Hexagon Purus, som lagar drivstofftankar og -system for hydrogen som drivstoff. Flakk-familien er stor aksjonær i selskapet.
I fjor hadde denne verksemda 76 millionar kroner i driftsinntekter og gjekk i minus.
I 2025 skal driftsinntektene til Hexagon Purus vere på fire-fem milliardar kroner og selskapet skal ha ein tosifra ebitda-margin, ifølgje eit prospekt som er sendt ut i dag. (Ebitda betyr driftsresultat før av- og nedskriving. Ebitda i prosent av driftsresultat er ebitda-margin)

På børs i år

Hexagon Composites varsla tidlegare i august i år om den planlagte utskillinga av Hexagon Purus i samband med ei kapitalhenting i Hexagon Composites.

Hexagon Composites henta inn lett inn 907 millionar kroner i ny eigenkapital i kapitalutvidinga, som var ein del av førebuingane til å skille ut og børsnotere Hexagon Purus.
Tidlegare denne veka sa obligasjonslångivarane til Hexagon Composites ja til den planlagte utskillinga, og målet er at Hexagon Purus skal vere børsnotert innan 2020 er omme.

Reindyrka hydrogensatsing

Den delen av verksemda i Hexagon Purus som ikkje har med hydrogen å gjere blir skilt ut og held fram å vere ein del av Hexagon Composites, slikat Hexagon Purus blir eit reindyrka hydrogen-teknologiselskap.
Hexagon Composites lagar drivstofftankar og -system for natrugass i mange storleikar, frå store flyttbare tankar til tankar for lastebilar, bussar og personbilar, tog og skip. Nord-Amerika er den vikigaste marknaden, og der foregrår også produksjonen.
Hexagon Composites lagar også bærbare tankar for naturgass, for nordmenn mest kjent som gasstankar til gassgrillar. Dei blir laga på Raufoss.

Publisert: 19.11.2020 09:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:05