Sentralbanksjef Øystein Olsen A foto ogne
MINDRE PÅ HENTE I AKSJEMARKNADEN: Aksjekursane har auka kraftig dei siste åra. Vi har fått godt betalt for å ta risiko i aksjemarknaden. Men vi kan ikkje leggje til grunn at gevinsten vil vere like høg framover, åtvara sentralbanksjef Øystein Olsen i den tradisjonelle årstalen sin. Talen blei i år framført utan publikum i salen. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Spår kraftig oljepengeskvis

Den forventa avkastinga av Oljefondet fram i tid ligg langt lågare enn det handlingsregelen tilseier, åtvarar Øystein Olsen.

NPK
19.02.2021

(NPK-NTB-Johan Falnes): Sentralbanksjefen sin årstale til representantskapet i Noregs Bank inneheld ei kraftig åtvaring til norske politikarar.

Framover i tid forventar Noregs Bank nemleg at avkastinga av Oljefondet i reelle termar vil falle til om lag 2 prosent per år. Dermed spøkjer det for handlingsregelen for oljepengebruk, som legg til grunn ei avkasting på 3 prosent.

– Det maner til måtehald og varsemd i måten ein praktiserer den noverande retningslinja på, seier sentralbanksjef Øystein Olsen til NTB.

– Ein bør helst ha avstand til 3 prosent med den storleiken som fondet har no.

Finansminister Jan Tore Sanner (H) kallar talen farga av året som har gått. Han meiner Noreg har klart seg relativt godt.

– Det kjem av både at vi har musklar i den økonomiske politikken, men òg av at folk har vore flinke til å følgje reglane og velfungerande institusjonar, seier han.

Historisk låg rente
I årstalen trekkjer Olsen fram det historisk låge rentenivået i kjølvatnet av koronakrisa som ei viktig forklaring. Endringa i rentenivå åleine vil ifølgje han redusere anslaget på forventa realavkasting frå rundt 3 prosent til om lag 2 prosent per år.

Samtidig er det stor uvisse om utviklinga i aksjemarknadene.

– Aksjekursane har stige kraftig dei siste åra. Vi har fått godt betalt for å ta risiko i aksjemarknaden. Men vi kan ikkje leggje til grunn at gevinsten vil vere like høg framover, åtvarar Olsen i talen.

Ifølgje sentralbanksjefen må vi vere førebudde på at marknadene vil svinge både opp og ned framover.

– Og med dei utrekningane vi no presenterer, så tilseier det at ein held litt avstand til det taket som treprosentregelen utgjer, og også tek høgd for at det som har svinga veldig sterkt opp, fort kan svinge ned, utdjupar han overfor NTB.

Meir avhengig av fondet
I koronaåret 2020 vart 300 milliardar kroner tekne ut av Oljefondet for å dekkje underskotet på statsbudsjettet.

Det var ei riktig avgjerd, slår Olsen fast i årstalen.

Men samtidig har norsk økonomi vorte svært avhengig av oljepengane. Fondet dekte kvar fjerde krone av utgiftene på statsbudsjettet i fjor. Og pengebruken er òg høg i normalår. I 2019 kom kvar sjette krone på statsbudsjettet frå fondet.

Men viss pengebruken held fram på same nivå, samtidig som avkastinga fell ned mot 2 prosent, vil det bety at ein et av fondet, på kostnad av framtidige generasjonar.

– Det ein bør vere oppteken av, er å verne fondet i reelle termar for kommande generasjonar – og praktisere budsjettpolitikken i tråd med det, seier Olsen.

Sanner kallar bodskapen til sentralbanksjefen i tråd med perspektivmeldinga som vart lagt fram førre veke.

– Bodskapen hans er at det er stor uvisse om avkastinga av oljeformuen framover, og at det er noko vi må ta innover oss i finanspolitikken, konstaterer finansministeren.

Fryktar varig arbeidsløyse
Eit anna hovudtema i årstalen er korleis koronapandemien har ramma Noreg.

Olsen trekkjer spesielt fram risikoen for at det djupe økonomiske tilbakeslaget vil føre til ein langvarig auke i arbeidsløysa i Noreg, slik tidlegare kriser har gjort.

– Pandemien kan gi ein ny runde med utstøyting frå arbeidslivet. Mange har no gått lenge utan arbeid, og delen langtidsledige er større enn ved tidlegare kriser, påpeikar han i talen.

Sanner vil prioritere arbeidet med å hindre langtidsarbeidsløyse.

– Å få folk raskt tilbake i jobb, å unngå at fleire blir ståande varig utanfor og å redusere børa dei unge betaler for denne krisa, er det eg er aller mest oppteken av når vi etter kvart skal ut av denne krisa.

Og når koronakrisa er over, kan arbeidsmarknaden vere endra.

– Dei gamle jobbane kjem ikkje nødvendigvis tilbake. Det kan gjere vegen tilbake til jobb tung for enkelte. Fleire av dei langtidsledige kan falle ut av arbeidslivet, seier Olsen.

Publisert: 19.02.2021 09:33

Sist oppdatert: 23.02.2021 20:47