Spaar fiskeindustrien maa rekruttere lokalt
TENK NYTT: Fiskeriindustrien blir nøydd til å gjere seg attraktiv for lokal arbeidskraft fordi det blir tøffare å få tak i folk frå utlandet, meiner Anne Berit Aker Hansen i Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund.
Nytt

Spår fiskeindustrien må rekruttere lokalt

Tida der norsk fiskeindustri kan rekruttere rimleg arbeidskraft frå Aust-Europa går mot slutten. Fagforeiningsleiar rår industrien til å rekruttere lokalt.

21.03.2018
- Eg trur ein er nøydd til å endre taktikk, ein må gjere seg attraktiv for lokal arbeidskraft, sier Anne Berit Aker Hansen og korleis norsk fiskeindustri skal greie å skaffe seg arbeidskraft framover.

Aker Hansen er 1. nestleiar i Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) som mellom anna organiserer tilsette i fiskeriindustrien. Ho deltar på Sjømat Norge sin årskonferanse i Ålesund i dag.

Mange bedrifter har basert seg på å rekruttere arbeidskraft i utlandet. Det trur Aker Hansen er ein æra som går mot slutten, mellom anna på grunn av eit betre arbeidsmarknad i land som store deler av den utanlandske arbeidskrafta kjem frå.

Teknologi-satsing

Fast tilsetting, ordna arbeidstid, medverknad og satsing på teknologi er kjenneteikn for bedrifter som er attraktive hos arbeidstakarane, etter Aker Hansen si vurdering.
Slik det er i dag trur ho fiskeindustrien sin status hos framtidige arbeidstakarar - og foreldra deira - ikkje er som den bør vere.
- Eg har ikkje gjort noko undersøkjing av kva foreldre langs kysten rår barna sine til, men det skal ikkje forundre meg om dei seier: - ikkje ta jobb i fiskeindustrien, seier Aker Hansen.

Samd med NNN

Administerande direktør Geir Ove Ystmark i arbeidsgivar og bransjeorganisassjonen Sjømat Norge er samd med Aker Hansen si vurdering av utviklinga i tilgangen av utanlandsk arbeidskraft.
Tilgangen vil krympe fordi skilnaden på norsk og utanlandsk lønsnivå vil bli mindre, meiner han.
Dei to organisasjonanen har nyleg blitt samde om kreve at tariffavtalar i fiskeindustrien blir almengjort i to nye år.
Almengjering betyr at minstekrava i tariffavtalene blir lovfesta, slik at alle bedriftere er forplikta til å følgje avtalen.
Pr. i dag er det minsterkrava i tariffavtalen som er lovfesta. Det betyr mellom anna minsteløna i industrien pr. i dag er 176,60 kroner timen, eller 344.370 kroner i året i ein heildagsjobb.
Almnegjering blei innført i 2014. Aker Hansen si vurdering er at almengjeringa har betra vilkåra i fiskeindustrien, men ho etterlyser meir kontroll frå Arbeidstilsynet si side for å hindre at bedrifter ikkje respekterer almengjeringa.

Publisert: 21.03.2018 16:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:19